Bømlo-Nytt

Annonsørinnhald

- Finst det ikkje, så lagar me det!

- Finst det ikkje, så lagar me det!

Ja, slik oppstod både teateret og kraftlaget på Bømlo. To aktørar som tilsynelatande har lite med kvarandre å gjera, men som er resultat av same skapartrong og ønskje om gode lokalsamfunn.

- Her på Bømlo er det så "sutalaust". Hedmarksdialekta avslører at han slett ikkje er bømling, men likevel tek han frimodig i bruk gode bømlauttrykk. - Det er så godt å bu her, at eg vil seia det til alle - og likevel til ingen, for eg vil jo ha det beste for meg sjølv!
Teatersjefen bryt ut i latter, og mimrar tilbake i tid. Han skulle berre bu her eit år eller to, men no har han vore her i over ti år. - Kan eg bli bømling, berre eg bur her lenge nok?
Øystein Kausrud ser på ein annan innflyttar, elverksjefen Nils Gunnar Gloppen.

Finn Bakke / Bømlo Teater - Julehuset er ei tradisjonsrik oppsetting som set bømlingane i den rette julestemninga. Teaterstykket vert sett opp både på Svortland og på Langevåg.

Julehuset: er ei tradisjonsrik oppsetting som set bømlingane i den rette julestemninga. Teaterstykket vert sett opp både på Svortland og på Langevåg.Foto: Finn Bakke / Bømlo Teater

Han har ikkje same utfordringa med at dialekta avslører han, for han er opphaveleg frå Gloppo på Fitjar. Han flytta til Bømlo i 1982 og dei færraste kjem på at han er innflyttar. 
- Ungane dine blir bømlingar, seier Nils Gunnar. - Og eg må nok innrømma at eg kjenner meg meir som bømling enn som fitjarbu, for det er jo her eg arbeider og lever.

Skapartrongen

Dei to leiarane sit saman med Johan Kristian Nesse og snakkar om det langsiktige samarbeidet som har vore mellom Finnås Kraftlag og Bømlo Teater. Begge selskapa blei etablerte ut frå visjonar om eit betre lokalsamfunn, og dette påvirkar framleis begge organisasjonane. - De bømlingar har ein imponerande skapartrong. Variasjonen og kvaliteten som Bømlo Teater har stått for, med Mostraspelet, musikalar, Julehuset og mange andre oppsettingar er imponerande for ein relativt liten øykommune, seier Øystein.
- Ja, og det er same skapartrongen me ser i næringslivet, med gründerånd og nøkternheit, følgjer Johan Kristian Nesse opp med. Han var teatersjef ifrå 1984 og fram til han blei pensjonist. Han nemner mange bømlabedrifter som har vore aktive støttespelarar for teateret, og Finnås Kraftlag kom med på "teaterlaget" allereie året etter etableringa av Bømlo amatørteater i 1973.

Aktive samarbeidspartnarar

- Det er viktig for Bømlo med kultur, for å skapa gode og attraktive bumiljø, slik at følk ønskjer å busetja seg her hos oss, seier Nils Gunnar. Når me som bømlabedrifter treng arbeidskraft må me visa at det er godt både å arbeida i bedrifta vår, men også at Bømlo er ein god plass å bu. - Me i Finnås Kraftlag vil vera ein aktiv pådrivar for å skapa gode lokalsamfunn, og er difor blant anna med som samarbeidspartnar for Bømlo Teater.

Teater for heile Bømlo

Medlemmene kjem frå heile Bømlo og det vert sett opp teaterstykke både på Svortland, Langevåg og sjølvsagt i Moster Amfi. Med Finnås Kraftlag og andre si støtte er Bømlo Teater eit teater som spreier scenekunstglede i heile kommunen.

Bømlo Teater - Stor oppsetting Musikalen Evita blei sett opp i august 2018 og over 150 personar var involvert i dette. Tusenvis av dugnadstimar vart lagt ned, og unike sosiale band vart knytt.

Stor oppsetting: Musikalen Evita blei sett opp i august 2018 og over 150 personar var involvert i dette. Tusenvis av dugnadstimar vart lagt ned, og unike sosiale band vart knytt.Foto: Bømlo Teater

Kultur og kommers, hand i hand

- I kulturen er det stadig ein diskusjon om støtte frå næringslivet gjer oss mindre kunstnerisk frie, seier Øystein. For oss er det motsett: Det er samarbeidet med næringslivet som gjer at me er frie til å spela teater for bømlingane, avsluttar Øystein Kausrud.
 

SJÅ FINNÅS KRAFTLAG SI FACEBOOKSIDE

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.