Bømlo-Nytt

annonsorinnhald

Har du ein brannsikker heim?

Har du ein brannsikker heim?

Ein betydeleg del bustadbrannar i Noreg skuldast elektriske tennkjelder.

Det er bustadeigar som har ansvaret for det elektriske anlegget, noko som betyr at forsikringsselskapet ikkje dekkjer dei totale skadane ved brann, ved feil i elektriske anlegg. 

Ekspertane i APPLY TB listar her opp 5 typiske brannfeller:

  • Skøyteleidning
  • Komfyr og kaffitraktar
  • Elbil
  • Sikringsskapet
  • Støv

Skøyteleidning

Dei siste åra har det ekspandert med teknologiske nyvinningar i heimane våre. Berre tilkopla TV-en har ein blant anna TV-boks, Playstation, Nintendo, Xbox og AppleTV. Det er dei færraste husa som har nok uttak bak tv-en, og ofte blir det brukt greinkontaktar eller «padder» som det også vert kalla.

– Dette er skummelt!, åtvarar Jonas Vikanes, avdelingsleiar for elektroavdelinga i APPLY TB.  

– Eldre og dårlege greinkontaktar er ofte ikkje dimensjonert for dagens bruk, og det kan oppstå situasjonar der dei kan bli for varme, og i verste fall ta fyr.

 – Ta kontakt med oss, så skal me få
installert fleire uttak til deg. Ei god løysing er å montere eit multistikk med 2 jorda uttak og 6 eurostikk. Denne eignar seg spesielt bak TV, ved stereoanlegg eller på heimekontoret.

Komfyr og kaffitraktar 

Her er tørr-koking ein viktig årsak til brann, men for eit tryggare kjøkken kan ein installere komfyrvakt. Kaffitraktaren er også for mange ein kjent skrekkfaktor.

Endeleg komen ut av huset, ungane sit klar i bilen og me er klare til å køyre.
– Hadde eg slått av kaffitraktaren? Låser opp døra, spring inn på kjøkkenet og sjekkar kaffitraktaren.
– Joda, den var slått av. Me er seint ute til skule, barnehage og jobb, kjenner pulsen stig og skulle ønska me hadde hatt ein timer på kaffitraktaren.

Elbil

Stadig fleire skaffar seg elbil. I følgje Statistisk sentralbyrå er Bømlo den kommunen i Sunnhordland som har flest elbilar med heile 397 stk., medan Stord har 308 og Fitjar 40.  Mange av eigarane ladar bilen sin i vanleg stikkontakt, gjerne hengande ut gjennom eit vindauga. Ladaren som føl med bilen er meint som ein nødladar, og vanlege stikkontaktar er ikkje laga for å stå med høg last over lengre tid.

– Den beste løysinga er å montera ein heimeladar, då vil ein også få merkbart raskare lading, fortel Jonas Vikanes.

Sikringsskapet

Sikringsskapet er hjarta i den elektriske installasjonen. Dette er også ei av dei største brannkjeldene.

I dag brukar me straum på ein heilt annan måte enn kva me gjorde for 20-30 år sidan. Gamle sikringar er ikkje dimensjonert for å tåla dagens bruk. Likevel er det mange hus rundt omkring som ikkje har bytta ut gamle skrusikringar med moderne jordfeilautomatar.

– Det er også overraskande mange som ikkje har fått utført brannførebuande el-kontroll, fortel Vikanes. Sikringsskapet er eit av hovudpunkta i ein slik kontroll.Svidd sikring

Ein elkontroll gir ikkje berre tryggheit med tanke på brannsikkerheit, ei rekkje forsikringsselskap gir også opptil 20 % avslag i forsikringspremien, dersom du har utført elkontroll. Sjølve kontrollen kan difor vera nedbetalt i løpet av nokre år. Men hugs at kontrollen bør gjennomførast av ein godkjent kontrollør.

Hos APPLY TB har dei godkjente kontrollørar som utfører jobben, og kan difor ikkje samanliknast med vanlege elsjekkar.

Støv

Kva tid tørka du støv av TV-apparatet sist? Det samlar seg mykje støv både på TV-apparatet og på stikkontaktar, varmeomnar og støpsel. Noko som lett kan ta fyr. Ta difor ein ekstra runde med støvkluten no når det blir kaldare i været og ein skrur opp att varmeomnane.

Annonse

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av redaksjonen, men av marknadsavdelingen.