Bømlo-Nytt

Annonsørinnhald

Overnatta med kongen sine bilar

Overnatta med kongen sine bilar

Sveinung Hovland tok med seg soveposen i verkstaden, og hugsar med glede tilbake på det ærefulle oppdraget.


– Eg var her frå morgon til kveld, og gjennom heile natta. Kongefamilien budde sjølv på Kongeskipet, men dei hadde med seg mange bilar i følgjet. Til saman var det 7–8 bilar i verkstaden her, fortel Sveinung Hovland. Han har jobba hos Auto Service på Bømlo i 27 år. Sjølv om det ikkje har blitt fleire kongelege oppdrag sidan 1995, har trivselen vore stor på arbeidsplassen.
– Eg hadde ikkje jobba her så lenge vist eg ikkje trivdes, seier Sveinung.

MARKNADSAVDELINGA I BØMLO-NYTT - PÅ VEGGEN Her sit Leif Magnar Halleraker i kongen sin eldste bil.

PÅ VEGGEN: Her sit Leif Magnar Halleraker i kongen sin eldste bil.Foto: MARKNADSAVDELINGA I BØMLO-NYTT

Se dette bildet i full størrelse
Foto Privat

Foto: Privat

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Overnatta på verkstaden Her har Sveinung Hovland og Johannes Rydningen rigga seg til for natta.

Overnatta på verkstaden: Her har Sveinung Hovland og Johannes Rydningen rigga seg til for natta.Foto: Privat

Sommarklar bil

Jakob André Vedøy trivest også godt i selskapet. Han byrja som lærling i 1998, og jobbar no som mekanikar i verkstaden.
– Akkurat no er det høgsesong for å sjekka klimaanlegget i bilen, seier Vedøy. Han seier det er mange som køyrer rundt med defekte klimaanlegg gjennom både hausten og vinteren.
– Når sola kjem, merkar folk dersom det ikkje er kald luft i bilen, seier bilmekanikaren.

SJÅ AUTO SERVICE SITT TILBOD HER

Se dette bildet i full størrelse
Foto Privat

Foto: Privat

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Tar finpussen Leif Halleraker får den kongelege bilen til å skina.

Tar finpussen: Leif Halleraker får den kongelege bilen til å skina.Foto: Privat

Førebyggjer reparasjonar

Ein gjengangar er at bileigarane gløymer å fylla gass på klimaanlegget.
– Det vil som regel alltid siva ut litt gass etter kvart som tida går. I verkstaden kan me måla kor mykje gass du har på anlegget, og fylla på ved behov. Dersom du tek klimasjekk og klimaservice jamleg kan du unngå unødvendige reparasjonsutgifter seinare, seier Vedøy. 

Dei tilsette i selskapet seier at bilen din ikkje må til merkeverkstad for at du skal behalda garantiar og få utført gyldig service.
– Det var før. I dag har me fritt verkstadval i Noreg, så vårt stempel i serviceheftet er like gyldig som det du får hos merkeverkstaden. Dette gjeld også for alle typar arbeid på el- og hybridbilar.  Be oss om et pristilbod, og me er sikre på at du vert gledeleg overraska, seier Lars Magne Halleraker. 

SJÅ AUTO SERVICE SI HEIMESIDE HER

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Kongeleg garasje Avisutklypp frå lokalavisa om hendinga.

Kongeleg garasje: Avisutklypp frå lokalavisa om hendinga.Foto: Privat

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Vel utført oppdrag Leif Halleraker fekk brev frå Slottet, som takk for vedlikehald og vask av bilane.

Vel utført oppdrag: Leif Halleraker fekk brev frå Slottet, som takk for vedlikehald og vask av bilane.Foto: Privat

*Produsert av marknadsavdelinga i Bømlo-Nytt.