Nyheter |
|
Ingen vasskrise på BømloI augeblinken er det ikkje planar om innføring av restriksjonar på vatnet her i kommunen. Dagleg leiar Roy Sverre Amundsen i Bømlo vatn- og avløpselskap (BVA) ber likevel oss bømlingar vere føre var. Utan tunge investeringar i vassforsyning i seinare år hadde kommunen vore i ein heilt annan situasjon i dag, meiner han.
HØG BEREDSKAP: Det er ikkje krise med omsyn til nivået i vasskjeldene i kommunen, men BVA er i beredskap og undersøkjer stoda jamnleg. På biletet ser me driftsoperatør Jan Ottar Hope i BVA undersøkje vasstanden i drikkevasskjelda Kvednavatnet. (Arkivfoto: Håvard Hammarstrøm)
Det har vore ein usedvanleg turr og kald vinter. Dette har ført til at fleire kommunar no anten har innført, eller vil innføre restriksjonar på bruk av vatn. I Bergen kommune oppmoder ein til dømes innbyggjarane om å vente med bilvasken og spare på vatnet. I tillegg har Bergen kommune redusert trykket på vatnet i einskilde område. Dette er ikkje aktuelt på Bømlo. I alle fall ikkje på noverande tidspunkt. Det seier dagleg leiar Roy Sverre Amundsen i Bømlo vatn- og avløpselskap (BVA). Nivået i vassmagasina er ikkje på eit kritisk nivå her i kommunen så langt. Amundsen legg imidlertid til at BVA registrerer ein del frosttapping. Dette merker ein både på vassforbruket nattestid, og på at kloakkstasjonane går nesten kontinuerleg. At kloakkstasjonane går såpass mykje dag og natt tyder på at mykje vatn går rett i kloakken. Amundsen streker under at frosttapping er ulovleg. For å hindre at vatnet frys lyt ein ha varme på der vatnet kjem inn i huset. - I augeblinken ser me det ikkje naudsynt å iverksetje særskilte tiltak for å avgrense vassforbruket, men me ber folk vere føre var. Dersom me iverkset restriksjonar vil desse gjelde for alle bømlingar.
Kontinuerleg beredskap Sjølv om det ikkje er planar om tiltak pr. i dag overvaker BVA situasjonen kontinuerleg. Amundsen seier beredskapssituasjonen i VA-selskapet er spesiell i høve til årstida me er inne i. - Me jobbar kontinuerleg med lekkasjesøk om natta og sørgar for å utbetre lekkasjar der dette er mogeleg på denne tida av året. I tillegg har me også søkt å hjelpe til der me kan i nokre tilfelle der private vassleidningar har frose. Den største utfordringa nett no med tanke på vassforsyninga er produksjonskapasiteten på vassreinseanlegga. Anlegg går natt og dag, noko som ikkje er heilt heldig på sikt. Når det gjeld nivået i vassmagasina lyt me sjå utover våren korleis stoda blir, og kva snøsmeltinga vil ha å seie. Men så langt ser det altså ikkje ut til å vere naudsynt med restriksjonar, seier Amundsen. Han legg til at Bømlo hadde vore i ein ganske annan situasjon for berre få år sidan med ein tilsvarande turr og kald vinter. - No ser me effekten av tiltaka og investeringane som er gjort. Med nye høgdebasseng, rehabilitering av høgdebasseng og andre tiltak. Utan desse investeringane hadde me vore i ein heilt annan situasjon i dag. Det er mange år sidan me har hatt ein så turr vinter.
|
|
Nyheter
Publisert 09.09.2010 - 11:51
Tjuveri frå bilOnsdag ettermiddag vart det meldt om innbrot i og tjuveri frå ein bil som stod i parkeringshuset på Svortland. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.09.2010 - 14:15
Dømt for ulovleg køyringEin no 17 år gamal bømling er av Sunnhordland tingrett dømt for ulovleg bilkøyring i sommar. Dette etter at han i stor fart freista køyra frå ein sivil politibil. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.09.2010 - 11:53
Rusa mopedførarNatt til onsdag vart ein moped stoppa av politiet. Det synte seg at føraren var rusa. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 03.09.2010 - 13:00
Berre to ferjer...Fjord1 melder at det i to veker framover berre vert to ferjer i trafikk i sambandet Halhjem - Sandvikvåg. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:51
HytteslagsmålEin hyttetur på Moster i helga medførte trong for bistand frå politiet. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:44
|
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:33
Forlatt bil med store skadarPolitiet fekk laurdag morgon melding om ein personbil som stod i grøftekanten ved Urangsvåg med store materielle skadar. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 28.08.2010 - 11:16
Stakk frå kollisjonNatt til laurdag stakk ein bilførar frå ein kollisjon som hadde skjedd i rundkøyringa i Rubbestadneset. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 25.08.2010 - 21:25
– Trur ikkje pengane var falskeNorges Bank trur ikkje pengane som Bømlo lensmannskontor har sendt vidare til Kripos for tekniske undersøkingar er falske. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 22.08.2010 - 16:46
Køyrde utfor og stakk avNatt til sundag køyrde ein bil av vegen på Totland. Den eller dei som var i bilen stakk deretter av. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:33
Kollisjon mellom bil og mopedTorsdag kveld skjedde det ein kollisjon mellom bil og moped like ved bensinstasjonen på Svortland. Mopedføraren vart lettare skadd. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:31
«Strikkeferje» på laurdagTide si ferje «Strandebarm» er for tida ute av drift grunna tekniske vanskar. Men reserveferja «Austrheim» trafikkerer Langevåg - Buavåg, og dermed vil «strikkeferja» gå som oppsett på laurdag! » Les heile saka |
Politikk
Publisert 28.05.2010 - 10:17
Går inn for nybygg ved BUSRådmannen går no inn for at det skal byggjast heilt ny Bremnes ungdomsskule, på den same staden som skulen held til i dag. Dessutan at det skal vera skuledrift i eksisterande skule i byggjeperioden. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 16.08.2010 - 12:19
Langevåg - Buavåg stengtFerjesambandet Langevåg - Buavåg har vore stengd sidan sundag kveld. Dette grunna tekniske problem. Ny ferje vert sett inn i trafikk måndag ettermiddag. » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 28.05.2010 - 11:44
Marknad på LyklingSundag 13. juni vil det verta skipa til marknad på kaien i Lyklingsjøen. Dette vert altså om to veker, og ikkje no førstkomande sundag... » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 15.08.2010 - 12:46
Rusa mann stal bilEin 22 år gamal mann vart tidleg sundag morgon teken hand om av politiet. Dette etter at han i særs lite edru tilstand stal ein bil og kolliderte i andre bilar på ein parkeringsplass på Finnås. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 06.08.2010 - 15:29
Knepent tap i kvartfinalenBremnes/Rubb 1 junior herrer spela fredag føremiddag kvartfinale i Norway Cup, mot KFUM Oslo. Etter to omgonger og nesten to ekstraomgonger var stillinga uavgjort, 1-1. Men eit halvt minutt før slutten av den siste ekstraomgongen vart bømlingane slegne ut av eit «golden goal». » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 15:30
Vidare til kvartfinaleDet er berre eitt av laga frå Bømlo som framleis er med og spelar fotball i årets utgåve av Norway Cup. Bremnes/Rubb junior herrer er klare for kvartfinalespel! Med her er Guttorm Kallevåg (biletet). » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 09:42
Fem til sjukehusFem personar vart køyrde med ambulansar til Stord sjukehus etter ei trafikkulukke ved Grøvle, like søraustom Stokkajuvtunnelen, onsdag føremiddag. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 13.07.2010 - 11:20
17 åring køyrde bil i stor fartEin 17 åring køyrde seint måndag kveld ein uregistrert personbil i særs stor fart. Han stoppa ikkje for politiet, som køyrde etter han på fylkesveg 541 frå Sakseid til Langevåg. Undervegs køyrde han inn i ein sivil politibil. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 12:35
Ampert på SvortlandNatt til sundag var det heller amper stemning på Svortland, i følgje politiet. » Les heile saka |
|
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 00:01
For fort i FoldrøyLaurdag ettermiddag hadde politiet fartskontroll i Foldrøy. Fire køyrde for fort. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 22:34
Døydde etter drukningsulukkeDen nitten år gamle mannen døydde torsdag ettermiddag etter drukningsulukka på Moster tidlegare på dagen. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 05.03.2010 - 11:19
Butikk ved Moster skule?I neste veke skal utval for areal og samferdsel handsama ein søknad som gjeld etablering av daglegvarebutikk ved riksvegen like sørom Moster skule. Rådmannen meiner saka må vurderast i samband med kommuneplanen. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 13:46
Drukningsulukke på MosterEin nitten år gamal mann er teken opp av vatnet ved badeplassen på Dahlaneset på Moster. Livredding går føre seg, og store redningsstyrkar er på veg. Han er fóke med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. » Les heile saka |
Kultur
Publisert 05.03.2010 - 10:54
«So gale at da gaula»Dei gjorde stor lukke med «Sommargalen i Røyksundkanalen» tidleg på 2000-talet. No går Bømlo revylag attende til røtene og set opp sin første nyskrivne sommarrevy på åtte år. I vinter, kulde og snø sit revylaget i tenkeboksen og skriv sketsjar som skal framførast i midtsommarrevyen «So gale at da gaula». » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 05.03.2010 - 10:59
Godt resultat for Eidesvik-reiarlagetPå laurdag la Eidesvik Offshore ASA fram rekneskapen sin for 2009. Resultatet må seiast å vera godt, og ikkje minst avdi marknaden generelt har vore svakare i fjor enn året før. » Les heile saka |
Informasjon
Publisert 22.02.2010 - 13:08
Forseinka avisleveringI dag, måndag 22. februar, har det diverre vorte litt forseinkingar på levering av BØMLO-nytt her i Bømlo kommune. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 06.07.2010 - 13:39
Fjerde gassdrivne supplyskipBømlo-reiarlaget Eidesvik Offshore ASA er leiande i verda når det gjeld gassdrivne skip. Miljøsatsinga held fram, og i dag vart det klart at selskapet har tinga det fjerde gassdrivne supplyskipet sitt. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 16.02.2010 - 19:20
Utval for areal og samferdsel hadde ulovleg møteRedaktør i BØMLO-nytt, Stein-Erik Ovesen, klagde på det han meinte var ulovleg sakshandsaming i Bømlo kommune, og har no fått medhald hos Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen meiner Utval for areal og samferdsel ikkje hadde høve til å skipe til felles lukka gruppemøte 14. oktober i fjor. » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 16.02.2010 - 19:22
Slepp å betale 200 millionar kronerFredag avgjorde Høgsterett at norske reiarlag slepp å betale 21 milliardar kroner i skatt for åra 1996-2006. For Eidesvik Offshore ville skatten ha tydd innbetaling av 200 millionar kroner over ti år. - Dette er eigenkapital som me no kan nytte til nyinvesteringar, seier ein glad administrerande direktør Jan Fredrik Meling. » Les heile saka |

post@bomlo-nytt.no



