Nyheter |
|
Alvorleg og uakseptabelt av AmfistyretStyret i Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter AS tok sjølvkritikk under den ekstraordinære generalforsamlinga i selskapet onsdag føremiddag. Styret skal no utarbeide rutinar som skal sørge for at lov om offentleg innkjøp blir fulgt i framtida. Generalforsamlinga såg på dei avdekka tilhøva som uakseptable og alvorlege.
GENERALFORSAMLINGA: Ei samrøystes generalforsamling meinte at det Deloitte-rapporten avdekka var alvorleg. Styret i Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter AS skal under den komande generalforsamlinga presentere rutinar for korleis ein kan unngå å hamne i same situasjon på nytt. Med på biletet er frå venstre: Inge Reidar Kallevåg, Solveig Vedøy, Dag Helge Hellen, Vidar Onarheim, Gerd Helen Selle, Tordis Nysæter og Mette Holmefjord Olsen.
Styreleiar Vidar Onarheim opna generalforsamlinga i Moster Amfi onsdag med å gå gjennom historikken. Han vektla det at Branntilsynet ikkje opna for fleire dispensasjonar, og at alternativet til utbygging av inngongsparti hadde vore redusert publikumskapasitet. Dette var lite ønskjeleg med tanke på at Moster Amfi er arena for store arrangement som Mostraspelet og musikalar i regi av Bømlo musikallaug (BML). Onarheim sa at planane om nytt inngongsparti med nytt toalettanlegg og kiosk vart presentert for rådmannen og fylkesrådmannen. Onarheim sa at styret basert på attendemelding frå desse vedtok å forskottere låneopptak. Dermed kunne prosjektet gå i gong. Målet var å ha prosjektet fullført før premiere på musikalen i regi av BML seinare på året. Dette lukkast ein ikkje med. I etterkant såg styret også at det ikkje hadde blitt nytta nok tid på anbodsprosessen. For å spare tid hadde ein berre innhenta tilbod frå lokale entreprenørar og takka ja til tilbod frå desse. I ettertid måtte styret innsjå at dette ikkje var tilstrekkeleg.
I generalforsamlinga var det brei semje om at rapporten frå Deloitte stort sett var dekkande, men det vart påpeika at rapporten i liten grad skilte mellom det som var styreprotokoll og det som var anbodsprotokoll. Onarheim streka under at alle styrevedtak var protokollførte. Det som ikkje var ført slik det skulle var anbodsprotokollen. - Dette kokar ned til at styreleiar visste for lite om lov om offentleg anskaffelse, sa Onarheim. Styrenestleiar Tordis Nysæter sa til generalforsamlinga at styret her i beste meining hadde gjort det dei meinte ville vere best både for eigarane og brukarane av Moster Amfi. Dette var ikkje gjort av vond vilje. Men også ho såg at i ettertid at framgongsmåten var uheldig. Fylket sin representant i generalforsamlinga var SV-politikar Mette Holmefjord Olsen. Ho sa at ho på vegne av fylkeskommunen hadde fått i oppdrag å fortelje at fylkeskommunen som eigar tykte denne saka var uheldig. Samstundes sa ho at ho håpte styret hadde lært av denne saka. Onarheim kunne stadfeste det.
Avslutningsvis sette ordførar Kallevåg og Holmefjord Olsen seg saman og utarbeidde eit framlegg til vedtak. Framlegget som vart samrøystes vedteke tilseier at tilhøva som vart avdekka i Deloitte-rapporten var uakseptable og alvorlege. Til komande generalforsamling skal styret utarbeide rutinar som gjer at liknande feil ikkje kan skje igjen. Det vart protokollført ei presisering om at det låg føre styreprotokoll med vedtak om utbygging av Amfiet, men at protokoll etter lov om offentleg anskaffelse manglar.
|
|
Nyheter
Publisert 09.09.2010 - 11:51
Tjuveri frå bilOnsdag ettermiddag vart det meldt om innbrot i og tjuveri frå ein bil som stod i parkeringshuset på Svortland. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.09.2010 - 14:15
Dømt for ulovleg køyringEin no 17 år gamal bømling er av Sunnhordland tingrett dømt for ulovleg bilkøyring i sommar. Dette etter at han i stor fart freista køyra frå ein sivil politibil. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.09.2010 - 11:53
Rusa mopedførarNatt til onsdag vart ein moped stoppa av politiet. Det synte seg at føraren var rusa. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 03.09.2010 - 13:00
Berre to ferjer...Fjord1 melder at det i to veker framover berre vert to ferjer i trafikk i sambandet Halhjem - Sandvikvåg. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:51
HytteslagsmålEin hyttetur på Moster i helga medførte trong for bistand frå politiet. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:44
|
Nyheter
Publisert 29.08.2010 - 13:33
Forlatt bil med store skadarPolitiet fekk laurdag morgon melding om ein personbil som stod i grøftekanten ved Urangsvåg med store materielle skadar. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 28.08.2010 - 11:16
Stakk frå kollisjonNatt til laurdag stakk ein bilførar frå ein kollisjon som hadde skjedd i rundkøyringa i Rubbestadneset. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 25.08.2010 - 21:25
– Trur ikkje pengane var falskeNorges Bank trur ikkje pengane som Bømlo lensmannskontor har sendt vidare til Kripos for tekniske undersøkingar er falske. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 22.08.2010 - 16:46
Køyrde utfor og stakk avNatt til sundag køyrde ein bil av vegen på Totland. Den eller dei som var i bilen stakk deretter av. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:33
Kollisjon mellom bil og mopedTorsdag kveld skjedde det ein kollisjon mellom bil og moped like ved bensinstasjonen på Svortland. Mopedføraren vart lettare skadd. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 20.08.2010 - 17:31
«Strikkeferje» på laurdagTide si ferje «Strandebarm» er for tida ute av drift grunna tekniske vanskar. Men reserveferja «Austrheim» trafikkerer Langevåg - Buavåg, og dermed vil «strikkeferja» gå som oppsett på laurdag! » Les heile saka |
Politikk
Publisert 28.05.2010 - 10:17
Går inn for nybygg ved BUSRådmannen går no inn for at det skal byggjast heilt ny Bremnes ungdomsskule, på den same staden som skulen held til i dag. Dessutan at det skal vera skuledrift i eksisterande skule i byggjeperioden. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 16.08.2010 - 12:19
Langevåg - Buavåg stengtFerjesambandet Langevåg - Buavåg har vore stengd sidan sundag kveld. Dette grunna tekniske problem. Ny ferje vert sett inn i trafikk måndag ettermiddag. » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 28.05.2010 - 11:44
Marknad på LyklingSundag 13. juni vil det verta skipa til marknad på kaien i Lyklingsjøen. Dette vert altså om to veker, og ikkje no førstkomande sundag... » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 15.08.2010 - 12:46
Rusa mann stal bilEin 22 år gamal mann vart tidleg sundag morgon teken hand om av politiet. Dette etter at han i særs lite edru tilstand stal ein bil og kolliderte i andre bilar på ein parkeringsplass på Finnås. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 06.08.2010 - 15:29
Knepent tap i kvartfinalenBremnes/Rubb 1 junior herrer spela fredag føremiddag kvartfinale i Norway Cup, mot KFUM Oslo. Etter to omgonger og nesten to ekstraomgonger var stillinga uavgjort, 1-1. Men eit halvt minutt før slutten av den siste ekstraomgongen vart bømlingane slegne ut av eit «golden goal». » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 15:30
Vidare til kvartfinaleDet er berre eitt av laga frå Bømlo som framleis er med og spelar fotball i årets utgåve av Norway Cup. Bremnes/Rubb junior herrer er klare for kvartfinalespel! Med her er Guttorm Kallevåg (biletet). » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 05.08.2010 - 09:42
Fem til sjukehusFem personar vart køyrde med ambulansar til Stord sjukehus etter ei trafikkulukke ved Grøvle, like søraustom Stokkajuvtunnelen, onsdag føremiddag. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 13.07.2010 - 11:20
17 åring køyrde bil i stor fartEin 17 åring køyrde seint måndag kveld ein uregistrert personbil i særs stor fart. Han stoppa ikkje for politiet, som køyrde etter han på fylkesveg 541 frå Sakseid til Langevåg. Undervegs køyrde han inn i ein sivil politibil. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 12:35
Ampert på SvortlandNatt til sundag var det heller amper stemning på Svortland, i følgje politiet. » Les heile saka |
|
Nyheter
Publisert 11.07.2010 - 00:01
For fort i FoldrøyLaurdag ettermiddag hadde politiet fartskontroll i Foldrøy. Fire køyrde for fort. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 22:34
Døydde etter drukningsulukkeDen nitten år gamle mannen døydde torsdag ettermiddag etter drukningsulukka på Moster tidlegare på dagen. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 05.03.2010 - 11:19
Butikk ved Moster skule?I neste veke skal utval for areal og samferdsel handsama ein søknad som gjeld etablering av daglegvarebutikk ved riksvegen like sørom Moster skule. Rådmannen meiner saka må vurderast i samband med kommuneplanen. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 08.07.2010 - 13:46
Drukningsulukke på MosterEin nitten år gamal mann er teken opp av vatnet ved badeplassen på Dahlaneset på Moster. Livredding går føre seg, og store redningsstyrkar er på veg. Han er fóke med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. » Les heile saka |
Kultur
Publisert 05.03.2010 - 10:54
«So gale at da gaula»Dei gjorde stor lukke med «Sommargalen i Røyksundkanalen» tidleg på 2000-talet. No går Bømlo revylag attende til røtene og set opp sin første nyskrivne sommarrevy på åtte år. I vinter, kulde og snø sit revylaget i tenkeboksen og skriv sketsjar som skal framførast i midtsommarrevyen «So gale at da gaula». » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 05.03.2010 - 10:59
Godt resultat for Eidesvik-reiarlagetPå laurdag la Eidesvik Offshore ASA fram rekneskapen sin for 2009. Resultatet må seiast å vera godt, og ikkje minst avdi marknaden generelt har vore svakare i fjor enn året før. » Les heile saka |
Informasjon
Publisert 22.02.2010 - 13:08
Forseinka avisleveringI dag, måndag 22. februar, har det diverre vorte litt forseinkingar på levering av BØMLO-nytt her i Bømlo kommune. » Les heile saka |
Nyheter
Publisert 06.07.2010 - 13:39
Fjerde gassdrivne supplyskipBømlo-reiarlaget Eidesvik Offshore ASA er leiande i verda når det gjeld gassdrivne skip. Miljøsatsinga held fram, og i dag vart det klart at selskapet har tinga det fjerde gassdrivne supplyskipet sitt. » Les heile saka |
Politikk
Publisert 16.02.2010 - 19:20
Utval for areal og samferdsel hadde ulovleg møteRedaktør i BØMLO-nytt, Stein-Erik Ovesen, klagde på det han meinte var ulovleg sakshandsaming i Bømlo kommune, og har no fått medhald hos Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen meiner Utval for areal og samferdsel ikkje hadde høve til å skipe til felles lukka gruppemøte 14. oktober i fjor. » Les heile saka |
Økonomi/næringsliv
Publisert 16.02.2010 - 19:22
Slepp å betale 200 millionar kronerFredag avgjorde Høgsterett at norske reiarlag slepp å betale 21 milliardar kroner i skatt for åra 1996-2006. For Eidesvik Offshore ville skatten ha tydd innbetaling av 200 millionar kroner over ti år. - Dette er eigenkapital som me no kan nytte til nyinvesteringar, seier ein glad administrerande direktør Jan Fredrik Meling. » Les heile saka |

post@bomlo-nytt.no



