Bømlo-Nytt

Kultur

10.-klassingane viser at dei kan

10.-klassingane viser at dei kan

Den årlege utstillinga av arbeidet til avgangselevane ved BUS var både variert og imponerande.

Torsdag hadde klassane open utstilling for foreldre og gjester utanfor klasseromma Siggjarvåg og Spissøy, med servering av sprudlevatn i høge glas slik ein gjer på vernissage. Alle elevane var ikkje til stades denne kvelden, men dei tre lærarane i KUHA (kunst og handverk), Nina Fosstveit, Elke Simonsen og Vivian Krogsæter var smilande til stades og tok seg av publikum.

PERLA BUNADSBELTE Marit Flokenes hadde bruk for nytt belte til bunaden og her ligg det raude beltet ferdig. Det blå til høgre er laga av Trine Sjøvold Stensen. Dei to perla i lag og fann ut av teknikken mykje på eiga hand.

PERLA BUNADSBELTE: Marit Flokenes hadde bruk for nytt belte til bunaden og her ligg det raude beltet ferdig. Det blå til høgre er laga av Trine Sjøvold Stensen. Dei to perla i lag og fann ut av teknikken mykje på eiga hand.

Dei fortel at målet med utstillinga er å inspirera 8. og 9. trinn til å førebu seg til å arbeida med noko spesielt på KUHA det siste året. Difor har utstillinga vore open på dagtid for desse elevane, slik at dei får tid til å velja.

Se dette bildet i full størrelse
ARKITEKTUR Her er Yasar Hajjouz sitt arbeid. Ein modell av heimen til familien i Rubbestadneset laga i kartong, i rett målestokk og med rette proporsjonar, og med hage og vegetasjon så livaktig at folk stoppa opp for å sjå litt ekstra.

ARKITEKTUR: Her er Yasar Hajjouz sitt arbeid. Ein modell av heimen til familien i Rubbestadneset laga i kartong, i rett målestokk og med rette proporsjonar, og med hage og vegetasjon så livaktig at folk stoppa opp for å sjå litt ekstra.

– Og me ser at mange av elevane har bestemt seg tidleg og gler seg til å ta fatt på arbeidet, seier lærarane. Læreplanen seier at elevane skal velja arbeid innan fire ulike hovudemne: Arkitektur, kunst, visuell kommunikasjon og design.

Stor variasjon

SKULPTUR Delina Teklu Girmation har forma ein uttrykksfull byste i leire.

SKULPTUR: Delina Teklu Girmation har forma ein uttrykksfull byste i leire.

– Det er ikkje alltid like lett å bestemma seg for kva ein vil laga. Nokre synest det er vanskeleg, medan andre alt har bestemt seg på førehand, fortel Nina Fosstveit.

Se dette bildet i full størrelse
ABSTRAKT Viktor Emil Hovland sitt abstrakte måleri der ein kan.

ABSTRAKT: Viktor Emil Hovland sitt abstrakte måleri der ein kan.

Resultatet er ein svært variert utstilling, også med variasjon i vanskegrad. To jenter har laga seg bunadsbelte med perlebroderi. Både Marit Flokenes og Trine Sjøvold Stensen valde seg eit verdfullt arbeid dei kan ha glede av i mange år. Marit fortel dei jobba med å finna ut av teknikken mykje på eiga hand, og ho syntest arbeidet var veldig kjekt å halda på med. Resultatet vart imponerande og vart sett i monter under utstillinga. Andre teknikkar som er brukt, er toving, stålarbeid, snikring, saum, teikning, måling. arbeid i leire.  

Se dette bildet i full størrelse
DESIGN Ein gammal koffert er blitt til ein artig stol som ser god ut å sitja i. Laga av Marte Berntsen.

DESIGN: Ein gammal koffert er blitt til ein artig stol som ser god ut å sitja i. Laga av Marte Berntsen.

Trygve Husa Sørenes har til og med støypt og sveist under årets KUHA-prosjekt. Det arbeidet kunne han ikkje ta med seg på skulen, men fekk arbeida med det heime.

– Og det er eit røykjeri som eg har laga av ein varmtvasstank, og det er støypt fast i bakken, seier Trygve. 

Se dette bildet i full størrelse
FEKK LAGA OPPGÅVA HEIME Trygve Husa Sørenes har laga eige røykjeri heime. Han har både støypt, snikra og sveist, og han har alt testa at røykjeriet verkar som det skal.

FEKK LAGA OPPGÅVA HEIME: Trygve Husa Sørenes har laga eige røykjeri heime. Han har både støypt, snikra og sveist, og han har alt testa at røykjeriet verkar som det skal.

Men han hadde laga rapport med foto av røykjeriet og dokumentasjon av arbeidet som er gjort undervegs.

ER ALT I BRUK Trygve Husa Sørenes sitt røykjeri er laga av ein varmtvasstank og har alt som skal til for at ein kan driva med både kald- og varmrøyking. Det har Trygve alt testa.

ER ALT I BRUK: Trygve Husa Sørenes sitt røykjeri er laga av ein varmtvasstank og har alt som skal til for at ein kan driva med både kald- og varmrøyking. Det har Trygve alt testa.

– Ja, eg har alt prøvd det, seier han og viser fram foto av kaldrøykt fisk.

– Skal du driva business med dette no?

– Ja, eg har alt selt litt til onkelen min, seier han og fortel at søknad er sendt til TIP på Rubbestadneset, og der håpar han at han kjem inn til hausten, og kanskje blir han maskinist til slutt, for det har han mest lyst til å bli.

ingvild@bomlo-nytt.no