Bømlo-Nytt

Kultur

Afro Kiddos á la Bømlo

Afro Kiddos á la Bømlo

I høgtalarane dundrar afrobeaten, og på dansegolvet lagar sju jenter sin eigen variant av afrodans.

– Me er barn, og me dansar afro, altså: Afro Kiddos, seier jentene i dansegruppa som første gong var på scenen og dansa i desember 2017. Då hadde Bremnes ungdomsskule Jolefest, og jentene var sterkt oppmoda til å delta med dansen sin. Det blei ein stor suksess med jubel og liv og røre i salen. Folk blei imponerte og responsen inspirerte Afro Kiddos til å dansa meir.

– Me fekk veldig lyst til å fortsetja å dansa saman, og laga fleire dansar, seier Hani Hassan. Ho er kreativ leiar for dansegruppa og instruerer i nye trinn og moves (rørsle). For nye moves må til, og ny musikk. Musikkstilen afrobeat ligg i botnen, men også pop er med når Afro Kiddos lagar sitt eige uttrykk.

Elskar å dansa

– Me tek ulike typar musikk og songar me likar, og blandar og remiksar det slik at me får vår eigen musikk, forklarar Danait Amanuel. Og musikken, den må ha høgt volum. Svære høgtalarar vert kopla til mobiltelefonen. Det startar med trommer og rytme, og aukar på med instrumental og vokal. Jentene stiller seg opp framfor spegelen for å øva inn moves og trinn etter kvart som Hani som står fremst instruerer. Det er tydeleg at dei likar å dansa. Det er som om rørslene har lege lenge i kroppane og endeleg får koma fram.

Se dette bildet i full størrelse
 - TO + TRE SØSTRER Eritrea og Somalia er heimland for familiane Amanuel og Hassan, men no er det Bømlo og Noreg som er framtida. Her trivest jentene ekstra godt når dei får koma saman og dansa afrobeat med eigen, heimelaga stil.

TO + TRE SØSTRER: Eritrea og Somalia er heimland for familiane Amanuel og Hassan, men no er det Bømlo og Noreg som er framtida. Her trivest jentene ekstra godt når dei får koma saman og dansa afrobeat med eigen, heimelaga stil.

– Korleis er de blitt så gode til å dansa?

– Me likar så godt å dansa! Det er kjempegøy, og me dansar masse! Me føler at me kan dansa, og dans er jo noko du kan gjera overalt berre du har musikk der, seier jentene. Dessutan: Dei er alle saman afrokids. Innvandrarbarn med rytmar frå Somalia og Eritrea i blodet. Dei likar å dansa også fordi det er deira eigen kultur dei formidlar gjennom rørsle og musikk.

– Me vil visa identiteten vår, og så det er ein måte for oss å få ta vare på kulturen vår. Det er godt å ha dette saman. Det gjer at me blir samansveisa fordi me har dette felles, seier jentene. Ikkje berre musikk og dans, men også nasjonale kostyme får dei brukt på ein god måte gjennom danseoppdrag. Dei har hatt oppvisingar der dei har kledd seg i afrikansk dishiki, og det er fargerike variasjonar av mønster på bomullsklede som er like spenstige som dansarane sjølv. Det å ta vare på eigen kultur betyr mykje for jentene når dei veks opp som innvandrarbarn på Bømlo. Dei har laga seg eiga afrokiddos t-skjorte òg. Med eit stort, raudt Afrika på fronten.

– Dette er jo ein del av vår identitet, seier dei.

Spenstig miks

Å blanda vestafrikansk og vesteuropeisk musikk, er populært mange stader i verda. Afro Kiddos på Bømlo brukar filmar på You Tube som inspirasjon, og der er det er mykje å velja i.

PRIVAT - DASHIKI Dei fargerike rikt møstera kleda passar godt til fargerike folk, og jentene i Afro Kiddos er stolte av røtene sine. Det er ekstra stas å dansa i dashiki for då får dei visa fram ein viktig del av identiten dei har med seg frå Afrika.

DASHIKI: Dei fargerike rikt møstera kleda passar godt til fargerike folk, og jentene i Afro Kiddos er stolte av røtene sine. Det er ekstra stas å dansa i dashiki for då får dei visa fram ein viktig del av identiten dei har med seg frå Afrika.Foto: PRIVAT

– Afrobeat er veldig populært i for eksempel Nederland. Det er mykje av det i byane. I Oslo, og i Bergen, forklarar jentene. Dei har blitt inspirerte av dansepedagogen Simba, som arbeidde på Bømlo fram til i fjor. No driv han Simba Arts i Bergen.

– Me saknar Simba. Me skulle eigentleg til Bergen og dansa, men det er ikkje så lett å få til. Ikkje alle kunne, seier jentene å få til å reisa på turar. Det blir snart dyrt når ei heil gruppe skal på kurs, og sjølv om jentene tener litt pengar på oppdrag, så er det ikkje nok til alt dei treng. Dei treng inntekter til ulike ting; til teknisk utstyr, kostyme, transport, høgtalarar. Dei skal i gang med å trykkja opp genser med eigen logo.

– Men har de ikkje nokon som vil vera sponsorar?

– Jo, me har Intersport Bømlo, og me har Macron. Då viser me klede for dei og har danseoppvising som passar til, forklarar jentene.

Se dette bildet i full størrelse
 - NO ÒG PÅ BØMLO Afro Kiddos med leiar Hani Hassan til høgre, i gang med innøving av afrobeat. Dei er på Instagram der dansaren Festus Mwenda frå Oslo er ein av følgjarane deira og kjem med oppmuntrande kommentarar. – Det er så utruleg kjekt at han gjer det! Me blir så inspirerte! seier jentene og dansar i veg alt dei kan.

NO ÒG PÅ BØMLO: Afro Kiddos med leiar Hani Hassan til høgre, i gang med innøving av afrobeat. Dei er på Instagram der dansaren Festus Mwenda frå Oslo er ein av følgjarane deira og kjem med oppmuntrande kommentarar. – Det er så utruleg kjekt at han gjer det! Me blir så inspirerte! seier jentene og dansar i veg alt dei kan.

Dei fortel at etter den gode starten i desember 2017 har Afro Kiddos hatt mange ulike sceneoppdrag. På offentlege tilstellingar, i private selskap som bursdagar, ved idrettsarrangement og andre hendingar der det godt kan passa å få opp stemninga med frisk musikk og stilig dans. Stadig nye nummer må dei ha på gang, og Hani har mange idear til nye dansar i tilfelle neste oppdrag kjem snart. Jentene er opptekne med skule, men lagar plass til dans innimellom. På skulen har dei hatt valfaget Internasjonalt samarbeid, og der fekk dei jobba med dans og ha kulturframsyning. Dei håpar dei snart får fleire oppdrag, for då er det endå meir meiningsfylt å øva.

– Men skulen er mest viktig. Det er skule først, og så kjem dansen, for me er jo vanlege folk som berre dansar, seier Afro Kiddos frå Bømlo.

FAKTA OM AFROBEAT

* Musikkstil som vart populær på 70-talet i Afrika.
* Ein kombinasjon av yorubamusikk, jazz, highlife og funkrytmar, kombinert med afrikansk perkusjon og sang. 
* I hovudsak skapt av musikaren Fela Kuti og bandet Koola Lobitos Band.
* Gjerne spelt av storband med inntil 30 medlemmar. 
* Energisk musikk med rask rytme, gjentakande tema og lange sangar, gjerne improvisert. 
* Remix av til dømes afrobeat vil seia å leggja til eller fjerna element av musikken. Ein kan setja saman innslag frå ulike musikksjangrar og artistar, og dermed får ein sin eigen remix. 

ingvild@bomlo-nytt.no