Bømlo-Nytt

Kultur

Akkurat som på filmen

Akkurat som på filmen

Riksteatret si originale førestilling «Karius og Baktus» var akkurat som på filmen frå 1955, men slett ikkje utgått på dato.

Tvert om viser det seg nok ein gong at godt teater ikkje går så snart av moten.

Dei to små fyrane i tennene til Jens vart godt levandegjort av Linda Tørklep og Christine Stoesen, og dei hadde stemmer som likna mykje på innspelinga frå 50-talet. Dette var verkeleg Karius og Baktus, og det fekk ein fullsett sal publikummarar i alderen svært små til ganske store oppleva søndag kveld i Bømlo kulturhus. Latteren sat laust både i salen, og ikkje minst på scenen, der dei to skodespelarane, sikkert nærmare pensjonsalder begge to, laga ei sprudlande frisk og sprelsk framsyning.

Dei såg ut til å vera skapte for rollene der dei hang i tennene til Jens og gaula etter meir loff.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Sjo - KATASTROFEN Baktus vil bita i boret, men ingenting nyttar. Tannlegar kan ingen slåst mot.

KATASTROFEN: Baktus vil bita i boret, men ingenting nyttar. Tannlegar kan ingen slåst mot.Foto: Ingvild Sjo

Det fire akter lange stykket vart spela på 40 minutt, med teppefall og forteljar Jan Huse som fletta det heile saman slik det skulle vera etter originalen, med Thorbjørn Egner sin rolege og klare forteljarstil.

Første akt er hurlumhei og fest, med sirup og byggjeaktivitet i tennene. Neste akt er spenning og skrekk med tannlege og boren som durar. Så kjem tredje akt som er trist, med ingen ting å eta, ingen stader å bu. Og så: Siste akt – den siste finalen med tannkosten som børstar brørne Karius og Baktus ut på havet der dei enno seglar rundt og speidar etter nye tenner å bora i.

Stykket Thorbjørn Egner skreiv i 1949 er enno ei fin påminning til alle om å pussa tenner, og ein god pedagogisk hjelpar til den evige utfordringa for foreldre før leggetid.

ingvild@bomlo-nytt.no