annonse

Alida broderte skattekart

: Alida Alvsvåg Stensen fortel at ho har brodert eit skattekart. Alle (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
: Blia og Hendrik Kurth tykkjer det er tipp topp når kunstlaget inviterer til aktivitet for barn i Bømlo kulturhus.
: Kunstnar Janne Robberstad tykte det var kjekt å møte barn, foreldre og besteforeldre i middagstider laurdag.

Bømlo kunstlag inviterte laurdag barn til Bømlo kulturhus for å prøve brodering. - Eg lagar skattekart, seier Alida Alvsvåg Stensen.

Håvard Hammarstrøm

Alida er til vanleg busett i Tromsø, men har vore på vinterferie på Bømlo. Ho har med seg mormor Gro Sjøvoll til kulturhuset denne laurdagen. Bømlo kunstlag er arrangør for utstillinga «6 millionar sting» laga av Janne Robberstad, og det var i samband med denne barna var inviterte til å teikne med tråd.

Skatt og nøklar

Alida fortel at ho aldri har prøvd å sy før, men no broderer ho sting det eine finare enn det andre. Ho spør om ho kan få ein annan farge snart. Alida broderer eit skattekart med ein skatt i midten. Alida seier det også er nøklar til skatten i kartet. Det er ein kode. Det handlar berre om å sjå på rette plassen. Kva som er inni skatten i midten? Paradiset!

- Dette er gøy! seier Alida.

Hyggjeleg aktivitet

Like ved sit Hendrik Kurth (8) og søstera Blia (6). Dei testar også ut korleis det er å sy. Hendrik seier til Bømlo-nytt at han tykkjer det er tipp topp å prøve dette. Kunstnar Janne Robberstad seier på si side at det er veldig kjekt at barna, foreldre og besteforeldre kjem for å prøve brodering.

- Det er ekstra kjekt at foreldra og besteforeldra er med og engasjerer seg. Då kan barna ta dette med seg heim og halde fram heime. Dette har vore veldig koseleg.

Klikk for å sjå kommentarar ()