annonse

Av jord er du kommen

Omstilling
Omstilling: Når hausten kjem, forsvinn blomar og mønstra drakter. På eit småbruk vert mennesket omkransa av jord. Slik ser det ut når den kjensla vert formidla av dramatikken. Frå venstre Siren Jørgensen, Sandra Kolstad, Ane Skumsvoll.
EIN TRESTEMT MONOLOG
EIN TRESTEMT MONOLOG: Mosekledde lenestolar, og djupe samtalar mellom Einar Økland og trippel-Agnes Ravatn. Ane Skumsvoll (til venstre) har røysta til Økland. Sandra Kolnes er i tillegg musikar og framfører eigen musikk i stykket. Siren Jørgensen frå Stord glitrar som vestlending i stykket. Vestlendingen som lurer på om ho går glipp av noko ved å bu på bygda.
VERDA ER EIN SKANDALE

Teaterstykker «Verda er ein skandale» er eit finurleg stykke teater som grensar til det absurde, og det fall tydeleg i smak hos publikum.

Haugesund Teater si oppsetjing trekte nær fullt hus i Bømlo kulturhus torsdag kveld. På scenen låg røyken og duva over mose- og blomekledde kulissar. Frå første stund skodespelarane opna munnen, var den litt surrealistiske, lett forvirra stemninga der. Skodespelarane snakkar personleg til publikum. Samstundes er dei tre rollene same rolla; eg-røysta i forteljinga. Men brått vert den eine av dei røysta til forfattar Einar Økland. Kostyma er overdådig mønstra bunadsdraktar med huver av vegetasjon. Vakkert blir det, når lyssetjinga og andre effektar kjem til. Dei tre kvinnene er ei kvinne som møter ein mann. Tema er trivsel på bygda, lett blanda saman med eksistensielle spørsmål. Undervegs i handlinga får publikum innblikk i Einar Økland sin personlegdom og hans noko bastante meiningar. Han har flytta til vesle Valevåg for å vera i fred og ha det godt. Han likar ikkje dramatikk. No har han likevel fått det. Samtalane med nabo og forfattar Agnes Ravatn enda med bok, og no – teater. Slike paradoks er stykket òg fullt av. Det er tre strålande skodespelarar som fyller rollene. Samtalane vekslar mellom bagatellar og store eksistensielle spørsmål, eller helst; ei samanblanding av desse. Siren Jørgensen, Ane Skumsvoll og Sandra Kolstad får farga stykket òg med eigne meiningar, om ting i verda som verkeleg er ein skandale. Slik som foreldrelause barn på flukt, ureining, kapitalismen si urettferdige fordeling av gode, og ikkje minst: Overgrep mot barn. Slik fekk stykket dagsaktuelle tema på banen, for det som skjedde på eit småbruk i Valevåg, med mislukka knekkebrød og knuste tranflasker, er nok meir å rekna som underhaldning. Sandra Kolstad er komponist og framførte eigen musikk som løfta førestillinga til ei god og heilskapleg teateroppleving. Publikum fekk både le, vart gripne av aggresjon, fekk humra til filosofiske betraktningar, vart kjend med Einar Økland sitt syn på likt og ulikt i livet, og ikkje minst – dei fekk oppleva energisk og godt skodespel. Dramatikar Toril Solvang har fått det maksimale ut av Agnes Ravatn si bok med essays. Publikum på Bømlo reiste seg og gav ståande ovasjonar til slutt. Men kva i all verda skal me seia at moralen i teaterstykket er? Ver varsam med kva du seier til ein forfattar? For det kan jo bli skandale.

Meldar: Ingvild Sjo

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.