annonse

Baker Hansen serverer Chet Baker på nynorsk

Baker Hansen
Baker Hansen: Vitjar Stord Jazzklubb 5. oktober. (Foto: Rat Miller)

Kvintetten Baker Hansen har heilt sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar baserte på musikken til den amerikanske jazzlegenda Chet Baker. Resultatet av språkreisa med Chet Baker vart eit spanande møte mellom amerikansk cooljazz, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål, gjendikta og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

At tekstane er på vårt eige språk gjev publikum høve til å møta musikken på nært hald, og høyra med «nye øyre» på klassikarar frå standardrepertoaret. Med friske arrangement med hint av både nostalgi og nyskaping gjev Baker Hansen publikum eit unikt høve til å gjenoppdaga den store jazzlegenda frå USA.

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016). Tredje plata kjem ut i år.

Gjennom fleire års opphald i Skandinavia på 1980-talet samarbeidde Chet sjølv med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeida med poeten Jan Erik Vold.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.