annonse

«Bettan» song «When Heroes are Made»

Gode tilbakemeldingar
Gode tilbakemeldingar: Elisabeth Andreassen (biletet) si framføring av «When Heroes are Made» fekk gode tilbakemeldingar (Presse (Foto: www.bettan.no)

Elisabeth «Bettan» Andreassen song «When Heroes are Made» på Hver gang vi møtes på TV 2.

Laurdag var det Trine Rein som var heidersgjest, og songen som avslutta programmet vart skriven av Trine Rein, Lars Monsen og kantor i Bømlo kommune, Øystein Lund Olafsen, i 2012. Songen var eit bestillingsverk for Femundløpet, og vart til i eit samarbeid mellom dei tre og Mikkel Gaup. Med på innspelinga var også gospelkoret HIM som Lund Olafsen starta opp i 2000.

Bettan-versjon

Andreassen gjorde sin eigen versjon av låten frå 2012, og ho vart akkompagnert av HIM og Gaup. Det var ei rørt Trine Rein som fekk høyre songen sterkt framført av «Bettan». Verdens Gang gav framføringa terningkast fire, medan publikum som røysta på låtane under vegs gav terningkast fem. Også i Dagbladet fekk framføringa til Andreassen terningkast fire.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.