annonse

Bokbada Sejerstad om «To søstre»

: Journalist og forfattar Åsne Seierstad blir bokbada av Harald Eia, og fortel om radikaliseringa av dei to søstrene som ho har skrive ein dokumentarroman om. På biletet publikum får sjå, er ansikta deira sladda. Me får berre sjå faren sitt ansikt. Han er den som har stått fram offentleg med saka.
: Det var interessant å høyra Åsne Seierstad fortelja om det som skjedde med dei to søstrene i forkant av at dei reiste til Syria. Ho har fått tilgang til ein del kjeldemateriale som ho har brukt i boka.
: Etter bokbadet kunne folk kjøpe den siste boka til Åsne Seierstad ute i foajeen på kulturhuset. Her er det Linda Grundtvig frå Stord som kjøper ei signert utgåve. Attmed Sejerstad set Reidun Vikse frå den lokale bokhandelen.

Kva er det som lokkar to unge, skuleflinke jenter frå Bærum til å forlate Norge og bli IS-bruder i Syria? Det fortalde journalist og forfattar Åsne Seierstad litt om på bokbadet med Harald Eia i kulturhuset onsdag kveld.

Grethe Kjøsnes

Åsne Seierstad vart bokbada av Harald Eia om den nyaste, kritikarroste boka hennar «To søstre» som fortel historia om dei to tenåringsjentene Ayan og Leila som reiste frå Bærum til Syria ein oktoberdag i 2013. Far deira reiste ned til det borgarkrigsherja landet i eit IS-kontrollert (Islamsk Stat) område for å prøva å finna dei, men fånyttes.

Seierstad har fortalt historia om før dei to søstrene reiste. Ho har stilt spørsmål om kvifor muslimsk ungdom oppvaksen i vesten blir radikalisert. Publikum fekk ein del svar på bokbadet i kulturhuset då Harald Eia stilte spørsmål kring temaet til forfattaren.

Fortalde om radikaliseringsprosessen

- Min inngang til dette bokbadet er: Korleis skal me handtere dette med islamisering, sa Harald Eia. Akkurat det spørsmålet var nok ikkje det lettaste å svara på. I staden fekk me høyra Seierstad fortelja i detalj om bakgrunnen for at desse to søstrene reiste frå Bærum og ned til eit IS-kontrollert område i Syria, Kva er det som gjer at to oppegåande, skuleflinke tenåringsjenter vel å ta det steget? Åsne Sejerstad fortalde at det var ein del signal som vart oversett i forkant av det som skjedde. På skulen og heime. Familien kom frå Somalia. Først kom far deira, Sadiq og seinare søkte han gjenforeining med kone og born. Dei to eldste døtrene var ganske små då dei kom hit. På skulen i tenåringsalder utvikla dei seg i radikal muslimsk retning. Ein slags alvorleg grad av frykt for «gutelus» vart eit tydeleg symptom på ekstrem tankegang. Lærarane måtte ta omsyn til dette i stadig fleire samanhengar.

- Dersom ein gut i klasserommet hadde teke i ein kulepenn, kunne ikkje jentene ta i kulepennen etterpå. Då var kulepennen «urein». Gale var det òg i gymtimane. Koranlærar «Mustapha» knytt til eit muslimsk moske-samfunn hadde stor påverknadskraft på jentene.

Harald Eia hadde med seg filmsnuttar frå nettsida til islam.net. Her kunne publikum få sjå framgongsmetoder som blir brukte for å påverke til muslimsk radikalisering. Enkeltpersonar med retoriske talegåver som prøver å påverke store forsamlingar til å einast om eit meir fundamentalistisk føremål.

Spørsmål frå salen

På slutten av bokbadet lurte Harald Eia på om det var nokon i salen som hadde spørsmål, og han gjekk opp med mikrofonen.

- Har barnevernet vore inn i denne saka med dei to søstrene som for til Syria? spurte ein mann.

- Nei, det har dei ikkje. Ei av jentene var vaksen då ho reiste. Ho andre var nett fylt seksten. svarte Åsne Seierstad.

- Held koranlærar «Mustapha» framleis på som lærar her i landet? var dei ei dame som spurte om.

- Ja, han er framleis i gong. Politiet har hatt han inne til avhøyr mange gonger, svarte Åsne Seierstad,

Ho fortalde òg at dei to søstrene framleis bur i det IS-kontrollerte område i Syria, der dei er gifte begge to.

Kjøpte boka

- Ja dette var veldig interessant å få med seg, Eg måtte jo ha boka om dei to søstrene. Det er jo trist at det skjer ei slik radikalisering i samfunnet. Det blir spennande å lese boka, sa Linda Grundtvig frå Stord.

Henny Førland Berger frå Stord fortalde at ho følte seg provosert undervegs i bokbadet.

- Eg måtte jo spørje Åsne Seierstad om «Mustapha» framleis underviser i moskeen, sa Berger.

- Det var eit fantastisk bokbad av Åsne Seierstad som er ein dyktig og kritisk journalist og forfattar, sa Frode Larsen frå Bømlo. Han fortel at han har lese dokumentarboka «To søstre», boka som har vunne Brageprisen.

«Den mest spennande og gripande historia om norsk ekstremisme som hittil er gitt ut på et norsk forlag», vart det mellom anna skreve om boka i Dagens Næringsliv.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.