annonse

Bømlajenter nominerte til Draumestipendet

: Katrine Møgster er ein av dansarane i Unicorn Crew, ei mykje nytta dansegruppe ved ulike samanhengar. (Foto: Privat)
: Sigrid Gunnarsjaa drøymer om å stå på scenen og formidla via song på heiltid. Arkiv (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Kristine Møgster (16) og Sigrid Gunnarsjaa (18) er Bømlo sine kandidatar til Draumestipendet 2017.

Randi Olsen

Dei to unge talenta frå Bømlo er blant 342 unge kulturformidlarar i landet som er nominerte til å vinna Draumestipendet. 100 unge norske kulturtalent kan vinna 10.000 kroner kvar.

Vil bruka dans som terapi

Kristine Møgster brukar det meste av fritida si på dans. Saman med tre andre unge dansarar utgjer ho dansegruppa Unicorn Crew. Ho har vore elev i Bømlo kulturskule i fleire år, og er eit godt førebilete for dei andre unge danseelvane i kulturskulen, heiter det i søknaden.

- Dans er min måte å uttrykkja kjensler og energi, og draumen er å byrja på danselinja på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund, skriv ho om seg sjølv. Etter at ho er ferdig med vidaregåande har ho planar om å reisa rundt i verda for å delta i ulike danseprosjekt.

Kristine Møgster skriv at ho har hatt god hjelp av dansen i sitt eige liv, og vil gjennom utdanning som sosionom ta dansen med seg i jobben for å hjelpa barn og unge.

- Eg trur dans kan vera til stor hjelp for mange i ulike livssituasjonar, skriv ho.

Ønskjer songen som jobb

Sigrid Gunnarsjaa syng. Ho starta i barnekor, gjekk over i ungdomskor og vart hekta på songen etter ei solistoppgåve då ho gjekk på ungdomsskulen. No går ho på musikklinja på Stord vidaregåande, tek sikte på vokallinja på folkehøgskule når ho er ferdig, og ønskjer å kunna leva av songen seinare. Gunnarsjaa skriv i søknaden sin at ho opplever det som fantastisk å kunna formidla bodskap til eit publikum via songen.

Sigrid Gunnarsjaa har vore nytta som songsolist ved mange høve på Bømlo, og dei som høyrer henne vert gripne av den inderlege bodskapen ho leverer.

Gunnarsjaa har også vore elev i Bømlo kulturskule i mange år, og har i tillegg til songen drive både med dans og teater.

Det er Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping som deler ut Draumestipendet.

Nytt av året er at stipenda vert delte ut på ulike måtar i mai og juni. Den fullstendige lista over vinnarar vert offentleggjort i slutten av juni.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.