Bømlo-Nytt

Kultur

Byfolk på dugnad

Byfolk på dugnad

Bente Spissøy har to hus å ta hand om i Håvik. Sist helg var dei 11 som jobba dugnad med måling og hagearbeid.

– Dugnaden er ikkje død! seier Spissøy begeistra og set hendene i sida. Ho har flytta til Håvik, men vekependlar til Stavanger på jobb. Medan ugraset voks og rekkverk tørsta etter måling, gjekk tida. Bente rakk ikkje overalt, og det er dyrt å leiga folk. Kristine Helgeland Mosdøl visste råd. Ho og Bente har vore venninner sidan dei var i lag i barselgruppe for 18 år sidan.

– Kall inn til dugnad! Be om å få litt hjelp!

Se dette bildet i full størrelse
 - HÅVIK Bente Spissøy har djupe slektsrøter i Håvik og kjenner at her vil ho bu. Ho er huseigar og tek hand om både Einarhuset og Jakobhuset som Kallevikvegen går mellom.

HÅVIK: Bente Spissøy har djupe slektsrøter i Håvik og kjenner at her vil ho bu. Ho er huseigar og tek hand om både Einarhuset og Jakobhuset som Kallevikvegen går mellom.

Litt vanskeleg

Bente fortel at det med å be andre om hjelp, det er ikkje alltid like lett. Det tok tid før ho våga gå over den terskelen. Det er noko med det å innsjå at eigentleg treng ein hjelp. Endeleg skreiv ho invitasjon til dugnad på Bømlo, og sende av garde til vener og kjende i Stavanger. Og responsen?

– Eg blei så imponert fordi det var så mange som ville vera med. Dette er jo kjempegøy! seier ho. Laurdag var 11 personar i sving med dugnad. Alle saman frå Stavanger og Karmøy.

– Det er ikkje ofte ein får invitasjon til slikt når ein bur i ein by. Klart eg ville vera med. Eg likar dugnad! seier Åse Jørgensen. Ho har budd 30 år i Stavanger, og dette er første invitasjon til dugnad.

– Dette er jo flott teambygging, seier ho og går laus på løvetann og skvallerkål.

Eit stort løft

For Bente Spissøy er det kjekt å sjå at jobben blir gjort. Ho skal servera mat og det blir ei triveleg og sosial stund. Ho har røter i Håvik og peikar på hus fortel oppglødd om besteforeldre og store søskenflokkar. No kjem det endeleg til å sjå presentabelt ut i tunet.

Se dette bildet i full størrelse
 - INGA ALDERSGRENSE På dugnad kan alle vera med og jobba. Sebastian Tong frå Stavanger er ivrig og gjer god nytte for seg.

INGA ALDERSGRENSE: På dugnad kan alle vera med og jobba. Sebastian Tong frå Stavanger er ivrig og gjer god nytte for seg.

– Tenk at det kom 11 stykke, og dei jobba i fem timar kvar. Det blir jo over 50 timar. Ei heil veke med arbeid. Tenk så flott, for eit utruleg løft på ein dag! seier ho og hermed er bodskapen levert vidare: Ikkje ver redd for å kalla inn til dugnad når du treng hjelp.

 - ENDELEG PÅ STELL Eit blomebed veks snart over av ugras om det ikkje vert lugga. Siv Eeg er med på innsatsen.

ENDELEG PÅ STELL: Eit blomebed veks snart over av ugras om det ikkje vert lugga. Siv Eeg er med på innsatsen.

ingvild@bomlo-nytt