annonse

Debuterer med poesi- og kunstbok

Kunstnar og forfattar
Kunstnar og forfattar: Grethe Kjøsnes debuterer med diktsamling i haust. (Foto: Arkiv)
Bokdebutant
Bokdebutant: Grethe Kjøsnes kjem denne månaden ut med si første diktbok, Utsikt. (Foto: Privat)

Denne månaden kjem Grethe Kjøsnes ut med si første diktsamling, illustrert med eigne måleri.

Randi Olsen

Boka har fått tittelen Utsikt. Tittelen er symbolsk og handlar om at det er viktig å sjå framover og tenkja positivt uansett. Det handlar om utsikt mot noko anna og noko nytt, skriv forfattaren i ei pressemelding.

Manuset vart sendt til Lyrikkforlaget nærast ved eit tilfelle, og Kjøsnes fekk positive tilbakemeldingar.

Som biletkunstnar har ho også funne eigne måleri til illustrasjonar i boka som dermed også vert ei kunstbok.

– Måleri som tilfeldigvis har passa saman med dikta. Sjølv om dikt og måleri har vore produserte uavhengig av kvarandre, har dei funne tonane saman, skriv ho i meldinga.

Boka er i A5-format og er på 48 sider og inneheld dikt og måleri om sorg, kjærleik, håp og draumar.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.