annonse

Draumestipend til dansar frå Bømlo

DYKTIG:
DYKTIG: Miriam Hammersland får draumestipend. (FOTO: PRIVAT)

Miriam Hammersland frå Bømlo satsar hardt på ei karriere innan dans. No er ho også vinnar av draumestipend på 15.000 kroner.

Nils-Tore Sele

Vinnarane av Draumestipendet blei offentleggjort tysdag, og mellom dei som får stipendet denne gongen, er altså dansar Miriam Hammersland frå Bømlo.

Kvalitetsstempel

Stein Høyland, rektor ved Bømlo kulturskule, fortel at Miriam Hammersland no går på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. Stipendet vil bli overrekt henne når ho kjem for å vera med i ei danseframsyning i regi av Bømlo kulturskule på Bømlo 7. juni.

– Miriam har vore ein inspirator hos oss i fleire år, og når ho no får stipendet er me veldig stolte! Dette er eit kvalitetsstempel på det arbeidet som blir gjort i kulturskulen, seier Høyland til Bømlo-nytt.

Lagt merke til

Også Kristin Geiring frå Norsk kulturskuleråd/Hordaland er glad for det som har skjedd.

– Miriam er sett av samtlege juryar i Drømmestipendet, som alle ønskjer å gje henne ei positiv tilbakemelding og inspirasjon til vidare dansefagleg utvikling, seier Geiring om tildelinga.

I år er det åtte kandidatar frå Hordaland som får draumestipend, fortel Geiring. Totalt vert det gjeve 100 draumestipend på landsbasis. Totalramma er 1,5 millionar kroner. Alle vinnarar får 15.000 kroner som dei kan bruka til vidare utvikling innan sine kunst- og kulturfelt.

Draumestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.