annonse

Er me på veg inn i antropocen?

BØMLO SLEPP IKKJE UNNA
BØMLO SLEPP IKKJE UNNA: Klo­den vår treng førs­te­hjelp, og hav­fors­kar Kik­ki Fle­sche Klei­ven vil ha nye inn­spel og til­tak frå folk på Bøm­lo for å brem­sa urei­nin­g. (Foto: )
Kli­ma­de­batt
Kli­ma­de­batt: Hege Økland og Hans Otto Robberstad. To de­bat­tan­tar med tru på ny tek­no­lo­gi som bes­te mil­jø­til­tak, og her er Bøm­lo alt i for­kant. (Foto: )

Kva er antroposcen? Det er den nye geo­lo­gis­ke tids­av­snit­tet me no går inn i. Det­te er tida då men­nes­ket pre­gar jor­da i så stor grad at me set geo­lo­gis­ke spor et­ter oss.

Ingvild Sjo

Me er på de­batt­mø­te i bib­lio­te­ket og høy­rer ein kli­ma­fors­kar hal­da foredrag. Det er ik­kje mange i sa­len, kan­skje 10, men det gjer vel ik­kje inn­leg­get mind­re in­te­res­sant? Kanskje har det låge fram­mø­tet noko med kli­ma­prob­le­ma­tik­ken å gjera? Me blir jo dømt til vår ei­gen un­der­gang. Det er dystre saker, og kven trur at me på Bøm­lo kan gjera noko med dette?

Men­nes­ket sty­rer på

Antropo ty­der men­nes­ke, og cen ty­der tid. Før antropocen var holocen, og det­te var tida et­ter is­ti­da. Holocen var tida då Bøm­lo vart til hum­par og hau­gar av fjell, strødd med kam­pe­stei­nar av fra­man­de berg­ar­tar her og der.

Når me no går inn i men­nes­ke­tida antropocen, er det for­di fors­ka­rar har re­gist­rert geo­lo­giske end­rin­gar som men­nes­ke har gjort sidan 1800-ta­let. End­rin­gar in­nan artsmangfald (utrydjing), kli­ma­gas­sar, auke i are­al­bruk, urei­ning, surleiksgrad i ha­vet, me ser det jo med eig­ne augo at bya­ne veks.

Jor­da vert folka opp mot ti mil­li­ar­dar men­nes­ke snart, og fors­ka­rar er urolege for at den sjet­te masseutryddinga er i gang. Sist gong var det di­no­sau­ra­ne som rauk ut. Er det bømlingane sin tur no?

Me er då ik­kje flei­re enn me må vera for å få kom­mu­ne­bud­sjet­tet no­ko­lun­de i hop. Me skul­le helst vore endå flei­re, men i sta­den er jor­da over­be­fol­ka. Kva kan me på Bøm­lo gjera med det­te?

Plast frå Asia

Kik­ki Fle­sche Klei­ven er førs­te­ama­nu­en­sis ved Uni­ver­si­te­tet i Bergen, in­vi­tert gjesteforelesar i bib­lio­te­ket på Svortland den­ne kvel­den i mars.

Som hav­fors­kar er ho opp­te­ken av Golf­strau­men og om kor­leis ha­vet bind oss sam­an. Ja, det er folk langs dei sto­re el­va­ne i Asia som urei­nar ha­vet mest, men plastposane deira finn ve­gen til oss. Bru­kar 15 år på ve­gen, for­bi Be­ring­stre­det. Slik vand­rar plast rundt hei­le ver­da og gjer strand­kan­ten vår til fellesareal med ki­ne­sa­rar og in­da­rar.

Også luf­ta er fellesareal. Fors­ka­rar kan måla kor mykje Co2 det er i at­mo­sfæ­ren. På 1800-ta­let var det 280 ppm (milliontedeler). I dag er det pas­sert 400 ppm.

Di­for er temperatu­ren i at­mo­sfæ­ren auka med ein grad, og difor kan at­mo­sfæ­ren hal­da på seks pro­sent meir vass­damp. Di­for blir det meir ned­bør på oss, mind­re ned­bør på andre. For­skjel­lar au­kar, og stor­ma­ne blir kraf­ti­ga­re.

Men kva kan me på Bøm­lo gjera med det­te?

Ha­vet stig

Kli­ma­fors­ka­ra­ne følg­jer med uro med på An­tark­tis. Ha­vet stig, men for oss i Noreg – det mest kli­ma­ro­bus­te lan­det i ver­da, kli­ma­prob­le­ma­tik­kens fet­ter An­ton, – for oss har isen gjort job­ben. Den pres­sa i si tid Bøm­lo så kraf­tig ned at enno den dag i dag he­var lan­det seg i takt med hav­ni­v­ået. 1,6 mil­li­me­ter år­leg.

Så det­te treng vel ik­kje me på Bøm­lo gjera noko med?

På kvart sitt nes

Kli­ma­fors­kar Kik­ki Fle­sche Klei­ven sei­er det som det er. Ram­me­ne for vê­ret er end­ra, og me må sjå på reg­net som ein res­surs, også det som fell i fel­les­fe­rien. Og så må me kutta ut­slepp. Bli kvitt for­bruk av fos­sil ener­gi. Tenkje oss om før me gjer innkjøp. Ha­vet og luf­ta er vårt fel­les­are­al med ein mil­li­ard ki­ne­sa­rar sjølv om me sit ein­sa­me på vårt ein­sa­me nes.

Alle må bi­dra med sitt, sei­er fors­ka­ren. For­di me er på et­ter­skot, og dess­utan: Noko er ir­re­ver­si­b­le for­and­rin­gar. Det vil seia: For seint å gjera noko med.

– Det er sto­re jafs å gjera, sei­er fors­ka­ren om kli­ma­inn­sat­sen og ser på for­sam­lin­ga som mest sann­syn­leg er den de­len av Bøm­lo sin be­folk­ning som alt sor­te­rer plast og syk­lar til job­ben. Har dei inn­spel?

I pa­ne­let sit Hege Økland og Hans Otto Robberstad. Debattleiar er venst­re­mann og aus­te­vol­ling Lars-Hen­rik Paarup Mi­chel­sen.

Han stiller spørsmålet: Kva som er Bøm­lo sin plass i det­te kli­ma­stre­vet?

Mis­ter NOX

Hans Otto Robberstad, man­nen bak den første kli­ma­pla­nen i Bømlo, også kalla Mr. NOX, mei­ner bømlingane alt har på seg vin­nar­trøya i kli­ma­kam­pen. For ti år sidan var bømlingar i gang med pro­sjekt in­nan land­straum for bå­tar, ut­skif­ting av gammal ar­ma­tur til LED i sku­lar, rørs­le­styr­te veg­lys og anna. Mot­stan­den han møt­te var skep­sis. Folk vil­le ik­kje ha LED-lys for­di dei had­de ik­kje høyrt om det før.

– Hel­dig­vis går ut­vik­lin­ga fort, sei­er Robberstad og nem­ner i til­legg var­me­pum­per og el­bi­lar. Snart er alle fer­je­ne våre elekt­ris­ke.

– Det er nok ener­gi frå sola al­le­reie, det er berre å ta det i bruk. Me had­de ei­gent­leg hatt nok ener­gi om alle bruk­te sol­cel­le­tak, seier Robberstad medan Hege Økland er glad for tek­no­lo­g­ien som no ut­vik­lar bat­te­ri slik at det op­nar for ny bruk som ers­tat­tar tra­di­sjo­nel­le me­to­dar som slepp ut Co2.

Hege Økland er dag­leg lei­ar i NCE Maritime Clean Tech som ny­leg drog i land støt­te på 110 mil­li­o­nar kroner til ut­vik­ling av hur­tig­bå­tar med null­ut­slepp. Den­ne tek­no­lo­g­ien er fir­ma frå Bøm­lo med på å ut­vik­la.

Andre ting?

De­batt­lei­a­ren pres­sa på for å få bømlingane til å koma med inn­spel. Han min­na om at Tromsø skal bli plast­fri kom­mu­ne, Trond­heim har 35 elekt­ris­ke bus­sar. Oslo skal vera fos­sil­fri in­nan 2025. Ta­ket på Strand kirke i Ro­ga­land har sol­cel­le­tak som ser ut som ski­fer. Kva med Bøm­lo? Kva er vi­sjo­nen her? Kom igjen!

Jan­ne Rob­be­stad kom då med inn­spel om å set­ja fo­ten ned for mik­ro­plast.

– Me er nøye på å sor­te­ra plast, men mik­ro­plas­ten som finst i teks­ti­la­ne me kjø­per, og i tann­kre­men med pus­sar ten­ne­ne med, og i mykje anna, den tenkjer me ik­kje på, seier ho.

Syn­te­tis­ke klede av­gjer mik­ro­plast un­der vask, og det­te ham­nar i ha­vet. Då kan ein an­ten la vera å kjø­pa desse kle­da, el­ler ein kan få tak i ein fi­ber­pose til å ha dei i slik at

mik­ro­plas­ten ik­kje for­svinn ut i ha­vet.

– Me er li­van­de red­de for å få i oss mik­ro­ku­ler, men me pussar ten­ne­ne i det, sa Jan­ne Robberstad. Det har ho vel rett i? Kan me gjera noko med dette på Bømlo? Er du med?

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.