annonse

Fantastisk familiekonsert

Vakkert
Vakkert: Hanna Habbestad song «Ingerid Sletten af Sillejord» (Foto: )
Kveldssang for Blakken
Kveldssang for Blakken: Vesle Ingrid på snart to år sjarmerte publikum og fekk litt hjelp til å syngje «fola Blakken». (Foto: )
Folkemusikk
Folkemusikk: Brørne Elias og Simon Habbestad Kjelsås, Ingvild Habbestad, Trond Kjelsås og Fredrik Aske Blikeng. (Foto: )
Mellom bakkar og berg
Mellom bakkar og berg: Konserten vart avslutta med korsong, og publikum vart heilt til slutt invitert med på allsong med Ivar Aasens «Mellom bakkar og berg». Det var god stemning i Moster kyrkje denne laurdagsettermiddagen. Alle (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Musikk av Bartók
Musikk av Bartók: Oda Habbestad (til venstre) og Lea Marie Krona spelte feiande flott musikk av Béla Bartók. (Foto: )
Nøgd publikumar
Nøgd publikumar: Brigt Ottar Valen frå Tittelsnes i Sveio meinte konserten var eit klart høgdepunkt i sommarferien. (Foto: )
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Habbestadkonsert
Habbestadkonsert: (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Storfamilien Habbestad varta opp med ein fantastisk konsert i Moster kyrkje laurdag ettermiddag.

Håvard Hammarstrøm

Dette var det sjette konserten med storfamilien Habbestad på Bømlo, og slik sett er konserten no blitt ein fin tradisjon. Ute var parkeringsplassen meir eller mindre full av bilar, og inne sat eit forventningsfullt publikum.

Vesle Ingrid på snart to år ønskte publikum velkommen med litt av «Kveldssang for Blakken» (Fola fola Blakken). Med litt hjelp gjekk det kjempefint. Publikum let seg sjarmere (teksten held fram under)

Imponerande

I løpet av ein dryg time fekk publikum høyre familien imponere med mykje vakker musikk framført på fiolin, gitar, piano, tverrfløyte og kontrabass. I tillegg var her mykje fin song. I familien er det fleire unge musikartalent. Det fekk me til dømes bevis på då brørne Elias og Simon Habbestad Kjelsås spelte fiolin på «Galopp etter Mærli» og «Zorros Merke».

Det vart spelt og sunge musikk av Geirr Tveitt, Rikard Nordraak, Vivaldi, Bach og Bjørn Eidsvåg, mellom andre. Musikarane var svært dyktige, men det var også imponerande korleis koristane fylte kyrkja med kraftfull og flott song. Nok ein gong leverte storfamilien Habbestad ein glitrande konsert. Eit entusiastisk publikum svarte med trampeklapp (teksten held fram under)

– Bømlingane kan vera stolte

Brigt Ottar Valen tok turen frå Tittelsnes i Sveio for å få med seg konserten, etter å ha blitt invitert av familie på Bømlo.

– Heilt fantastisk! Det var utruleg å høyre dei unge gutane spele fiolin. Ei fantastisk oppleving, og eit høgdepunkt i sommarferien. De har mykje å vera stolte av her på Bømlo. For ein musikalsk familie!

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.