annonse

Far og dotter Stokke i tøffe roller

Gler seg
Gler seg: Vilde og Torleif Stokke, far og dotter, i sivil. Gler seg til ny premiere i Moster Amfi neste fredag
Tøffing
Tøffing: Torleif i rolla som vikingen Rane, i spissen for kongen (Rolf Kristian Larsen som Olav Haraldsson) og tøffe karar som mannskap

Vilde på 25 og pappa Torleif på 53 er i vikingkostyme, klar til ny lang prøvedag i Moster Amfi. Vilde som «draumejenta» Gyril og Torleif som den tøffe vikingen Rane.

Ho satsar på ei framtid som skodespelar - han er ingeniør og dagleg leiar i Servogear. Begge har stor glede av å vera med i Mostraspelet, år etter år etter år.

– Eg kallar dette ei sosial sentrifuge - her treff eg all slags folk og får nye venner. Nokre blir nære venner for alltid, andre treff eg berre her i amfiet. Alle har eit felles mål om å laga best mulig framsyning av «I slik ei natt». Me brenn for at publikum skal få gode opplevingar, me har det gøy og me er stolte over kva me på Bømlo får til på kulturfronten, seier Torleif og legg til at det er ekstra kjekt å dele dette med eldstejenta. I tillegg kjem yngstedotter Sunniva heim frå Oslo for å vera med i sminkegjengen, og kone/mamma Turid hjelper til med praktisk bak scenen. Heile familien i arbeid med andre ord!

Debuterte som sjuåring

Vilde var sju år då ho fekk vikingkostyme på seg for fyrste gong. Men før det hadde ho vore med pappa og sett på prøvar frå ho var veldig liten.

– Eg sat klistra i benken, elska å sjå, og å kjenna på atmosfæren. Det var stort då eg endeleg fekk vera med, og sidan er det blitt mange mostraspel og musikalar her i amfiet. I tillegg har eg fått mange kjekke roller i kulturskulen sine oppsetjingar, fortel Vilde, som var svært godt nøgd med rolla som Gyril i det nye mostraspelet, «I slik ei natt», i 2016.

– Har du alltid tenkt at du skulle bli skodespelar?

– Eg har forsåvidt aldri leika med tanken på å bli skodespelar. Den viljen har vore der for alvor sidan tidleg barneskulealder, og fram till eg trong ein pause etter vidergåande. Så fekk eg denne rolla i 2016 og fekk fullstendig blod på tann igjen, og bestemte meg for å gå «all in», fortel Vilde.

Randolf Walderhaug, som spela Rane det året, hadde tru på meg og inviterte meg til Bergen og Hordaland Teater for å fylgja han i arbeidet som regissør på «Namnet» av Jon Fosse. Det var både lærerikt og kjekt, og eg fekk god kontakt med Irene Waage, skodespelar frå Brandasund, fortel Vilde, som gjennom Irene skulle få sin fyrste filmrolle.

Ho hadde casting (bemanning) for serien Aber Bergen, som gjekk på TV3. Der hadde eg ein rolle, fekk smaken på filmformatet og forstod at då var tida inne til å flytta til Oslo. No jobbar eg med ulike prosjekt, som reklame og kortfilm. Dessutan jobbar eg som inspisient på Latter, også ein fin måte å skapa seg nettverk. Eg bur saman med Sunniva, og ser fram til kjekke ting framover. Men no er det Mostraspel for alle pengane, er veldig glad for å få denne kjekke rolla på nytt - og å kunna bu heime hjå mamma og pappa i Rubbestadneset nokre veker, smiler ho.

Fantastisk hobby

Torleif Stokke har hatt mange ulike rollar i Mostraspelet; bonde, hird, væpnar, prest, konge og Torleif Spake i «Kristkongane på Moster». I år er han Rane, ein røff viking, rolla som Randolf Walderhaug hadde på urpremieren i 2016. Randolf døydde tidlegare i år.

– Me to fekk straks fin kontakt, og blei svært gode venner; difor er det stort og spesielt for meg å sitja her i Rane-kostymet, seier Torleif. Han veit det er store sko å fylla, lovar å gjera så godt han kan.

– Du har vore skodespelar på fritida store delar av livet, og songar i Kor e Lyren. Av utdanning er du ingeniør - ville du heller gjort som Vilde, å satsa på dette som leveveg, dersom du kunne vald på nytt?

– Trur ikkje det. Eg har ein spennande jobb i den maritime bransjen her på Bømlo, har vore innom fleire flotte bedrifter og hatt det fint alle stader. No trivst eg godt som dagleg leiar i Servogear, fortel han, som starta som elev på Rubbestadnes yrkesskule og lærling på Wichmann Motorfabrikk.

– Yrkesskulen står også mitt hjarta nær, eg er nøgd med den utviklinga me ser i dag. I Servogear går det godt. I 2014, då oljenæringa fekk motgang, satsa me på nye marknader og har lukkast med det. Me er med på mange store utviklingsprosjekt, til dømes heilt utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er veldig kjekt, eg trur eg har funne min plass. Men når det er sagt, så er eg priviligert som har ein slik fantastisk hobby, både i Mostraspelet, Kor e Lyren og som gullgravar i Bømlo Gold Mining Company, saman med korkameratane. Alt heng saman med alt, smiler han og legg til at han har hatt god nytte av teatererfaringa i jobben når store presentasjonar skal gjennomførast.

No deler dei to den same draumen, gjera «I slik ei natt», skriven av Svein Tindberg, til ei flott oppleving for publikum i Moster Amfi i pinsehelga.

Tekst og foto: Kristine Sele

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.