annonse

FAU samlar bygda til gjenbruksmarknad

Arne Rennesvik, Linn Marit Halleråker, Andreas Tobias H
FAMILIEBUTIKK: Folgerø-Holm, Victoria Celine H. Folgerø-Holm og Amalie Rennesvik har rydda heime og funne mange ting som er for gode til å kasta. Kom og kjøp! (Foto: )
EIN GOD DAG
EIN GOD DAG: Han vann jammen ei fruktkorg, og så kjøpte han seg eit fint bilete av to hundar. Sivert Hansen har nemleg ein slik hund heime som heiter Billy. (Foto: )
EIN GOD KAFE
EIN GOD KAFE: Anne Merethe Grønås ønskjer alle som kjem til marknaden varmt og hjarteleg velkommen med rykande ferske vaflar. (Foto: )
Kjøper lodd
Kjøper lodd: Isak Vaula og Emanuel Christensen er spente på om det blei vinnarlodd, og jammen blei det ein liten ekstragevinst. (Foto: )
DEI GAMLE KJOLANE
DEI GAMLE KJOLANE: Renate Zahl Habbestad skal selja kjolar ho og søstera brukte i barndommen. Litt vemodig, men ho vil bli kvitt dei for dei tek for mykje plass. (Foto: )
KOM OG KJØP
KOM OG KJØP: Ekstra tilbod i dag. (Foto: )

Ved Foldrøy skule har dei kvart år ein marknad som samlar både bygdefolk og gjester til triveleg handel og kafe.

Ingvild Sjo

Ein laurdagsformiddag i februar blir det rigga til stor marknad i gymsalen ved skulen. Denne årlege tradisjonen er kommen for å bli; det er fjerde året på rad i år. Folk stig inn med forventing om å treffa kjensfolk, få seg ein kopp kaffi og eit godt kakestykke, og kanskje gjera eit lite kupp i bruktmarknaden. Miljøvennleg er det i alle fall – gymsalen er full av små salsbuer med varer gode som nye, og til svært god pris.

Funne det heime

– Me lever jo i eit bruk og kast-samfunn, seier Linn Marit Halleråker. Av og til kan det vera vanskeleg å vita kva ein skal gjera med ting som hopar seg opp; fine, nesten nye ting som det ikkje er så greitt å kasta. Her er heile familien med på marknad, og alle varene dei har med er leita fram heime. Butikken deira bognar av gode tilbod til både jenter og gutar.

– Ja, dette gler me oss til, for er det så kjekt å vera med på, for heile familien, seier ho.

FAU organiserer

Vidar Helvik er leiar i FAU ved Foldrøy skule og har sans for sambygdingane som står på og jobbar i lag. Det er ikkje så ofte bygdefolk samlast på skulen på tvers av andre ting, så dette tiltaket er kjærkomme. Det er foreldre som gjer jobben med arrangementet og fordeler oppgåver seg imellom. Dei bakar kaker og får tak i premiar, og har taket på planlegging.

– Foreldre er flinke til å bidra, seier Helvik. Det er òg ein god måte å skaffa litt inntekt til skulen. Overskotet frå kafeen og lotteriet går til utstyr som trengst på skulen, kanskje leiker, sportsutstyr, utstyr til kjøkenet, og det blir nokre tusen som kjem vel med.

Godt som nytt

Då FAU sette i gang dette tiltaket, var tanken bak heilt klart at det skulle vera eit miljøtiltak. Gjenbruk er ein ting borna må læra, og her lærer dei at det går godt an å kjøpa brukte leiker eller utstyr.

– Det treng ikkje vera nytt – ein kan kjøpa brukte ting som fungerer, seier Vidar Helvik.

Evaluering

Så lenge det er ein suksess, vil gjenbruksmarknaden i Foldrøy skule halda fram. FAU evaluerer kvart år, og målet er å gjera det endå betre neste år. Slik legg dei lista litt høgare for kvart år, og alle er velkomne, både foldrøyingar og andre som vil ta ein tur.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.