annonse

Fekk Heine-sjokk midt i konserten

DEN EKTE HEINE
DEN EKTE HEINE: Viggo Birkeland får sjokk når den ekte Heine kjem ut av den svarte boksen på scena midt i parodien på Heine Totland. (Foto: )
HJELP!
HJELP!: Så er det Knut Røksund sin tur til å få sjokk, medan publikum og Heine Totland sjølv får seg ein god latter. (Foto: )
OOOOPS
OOOOPS: Kva no? Dei to gutane blir ståande i uvisse og veit ikkje kva dei skal gjera, medan publikum jublar. (Foto: )
TIL PALINGS
TIL PALINGS: Men så får dei fart på seg og forsvinn frå scena på eit blunk. (Foto: )
GODE GREIER
GODE GREIER: Etterpå blir det latter og takk, og Knut Røksund får ein god klem medan Heine Totland får ein flott bukett. (Foto: )
SYNG FOR AKSJONEN
SYNG FOR AKSJONEN: Denne gjengen må me kunna kalla førsteklasses songarar ved Moster skule. (Foto: )
FRÅ TV- AKSJONEN
FRÅ TV- AKSJONEN: Marthe Jansen frå TV-aksjonen Hordaland kom med helsing og varm takk frå sentralt hald. Det var 20. gong Moster skule hadde sin aksjon, og til saman er det samla inn 1,2 millionar kroner desse åra. -Dette blir lagt merke til og sett stor pris på, sa ho. (Foto: )
FOR KIRKENS BYMISJON
FOR KIRKENS BYMISJON: Ingeborg Anglevik song vakkert TV-aksjonen sin aksjonsmelodi «Til deg», som er laga til dei som har gjeve opp livet sitt og treng hjelp. (Foto: )

Knut Røksund var godt i gang med sin elleville Heine-parodi då den ekte Heine Totland brått stod rett bak han med gitaren.

  • | Ingvild Sjo

Viggo Birkeland parodierte Stein Høyland og Knut Røksund var Heine Totland i ein sketsj under Moster skule sin årlege konsert for TV-aksjonen torsdag.

Salen var stappa full av folk som fekk med seg eit variert program. Her var komikk og alvor blanda saman på ein fin måte i tråd med årets tema for innsamlinga til Kirkens Bymisjon. Elevane hadde jobba med dikt, dans, film, korps, band, kor, sketsjar og programleiing.

Det var under siste innslag i programmet at stemninga steig heilt i taket. Knut Røksund spelte Heine Totland og trava energisk att og fram på scenen og ausa or seg superlativ om Bømlo, og var heilt oppslukt og inne i rolla. Den ekte Heine måtte tappa han litt på skuldra for å få kontakt. Då vart det full hakaslepp, og full jubel i salen. Dei to gutane kom seg av scenen fortare enn svint, medan den ekte Heine overtok og song fleire nummer til ære for Moster skule og TV-aksjonen.

– Kom igjen, folkens, og gje ekstra til TV-aksjonen no! sa han og meiner Moster skule fortener godt resultat og godt ry for den flotte innsatsen dei gjer år etter år.

Sette rekord

Og resultatet – det vart 116.152 kroner samla inn på ein dag. Rektor Merete Johannen Fjellheim er svært nøgd.

– Og det er ny rekord frå i fjor då me fekk inn 108.000 kroner. Det er veldig bra, seier ho om gjevargleda til folk i bygda, og den gode innsatsen til elevar og tilsette ved skulen.

ingvild@bomlo-nytt.no






Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.