annonse

Fekk positivt svar frå departementet

Siste innspurt
Siste innspurt: Øyvind Halleraker har stilt sitt siste spørsmål i stortingssalen. Han er godt nøgd med svaret på spørsmålet som gjaldt jubileet på Moster i 2024. Arkiv (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Kulturdepartementet er godt orientert om det førebuande arbeidet til nytt 1000-årsjubileum på Moster. No ventar dei på konkrete planar for å sjå korleis dei vil støtta.

Randi Olsen

Det står å lesa i svaret på det siste spørsmålet frå stortingsrepresentant Øyvind Halleraker i hans virke som folkevald for Høgre. Heilt på tampen av perioden sende han inn eit spørsmål til kulturstatsråden der han stilte spørsmål om korleis staten vil kunna delta i jubileet på Moster.

Halleraker viser i spørsmålet til at det i 2024 er 1000 år sidan kong Olav Haraldson og bisp Grimkjell fekk Kristenretten vedteken på Moster, eit heilt nytt juridisk system basert på menneskeverd og respekt for livet. Lovene vart vedtekne på Gulatinget året etter og er grunnlaget for det lovsystemet me nyttar i dag.

Dette vart feira med ei storstila markering ved 900-årsjubileet der blant andre kong Haakon VII var til stades.

Godt informerte

I det skriftlege svaret frå statsråden heiter det mellom anna at Kulturdepartementet er godt orientert om det som skal skje på Moster i 2024.

Mellom anna vart det halde eit møte i departementet i juni der representantar frå Bømlo kommune, Hordaland fylkeskommune og Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter var til stades for å orientera om planleggingsarbeidet. I samband med dette møtet fekk i tillegg departementet skriftlege uttalar frå historikarar og andre fagpersonar som forklarte kva det hadde å seia historisk det som skjedde på Moster for snart tusen år sidan.

– Kommunen og fylkeskommunen samarbeider om eit forprosjekt som er venta ferdig sommaren 2018. Eg trur initiativtakarane vil venda seg til departementet på nytt når forprosjektet er ferdig og dei har litt meir definerte rammer, skriv kulturminister Linda Hofstad Helleland i svaret. Ho skriv til slutt at det er openbert rimeleg at staten medverkar til at denne historiske hendinga vert markert. Men på kva måte og i kva omfang vil departementet komma tilbake til når planane er meir konkrete.

– Eg opplever svaret som svært positivt for Bømlo, skriv Øyvind Halleraker i ein epost.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.