annonse

Fekk spela i Håkonshallen

EIN STOLT DIRIGENT
EIN STOLT DIRIGENT: Arvid Anthun framfor HUK, og alle tek imot god applaus frå den fullsette Håkonshallen. Neste utfordring for ungdomskorpset er regionkonkurranse i Oslo i april. (Foto: PRIVAT)
FØRSTE storkonsert med huk
FØRSTE storkonsert med huk: Anna Birgitte Solberg Høyland (kornett), Tobias Haldorsen (eufonium) og Lovise Andreassen (trombone) spelar til vanleg i Bømlo skulekorps. Med å sikra seg plass i HUK viser dei at dei er på høgste nivå i fylket. (Foto: PRIVAT)

Tre unge bømlingar er med i Hordaland ungdomskorps (HUK). Søndag bidrog dei til ein flott jubileumskonsert for NMF.

Ingvild Sjo

Når Norges Musikkorps Forbund (NMF) fyller 100 år, så blir det festkonsert, og det i kongelege omgjevnader. Steinhallen frå mellomalderen skapar historisk sus med sine steinveggar, og ikkje minst – klang. Det fekk Anna Birgitte Solberg Høyland, Tobias Haldorsen og Lovise Andreassen kjenna på under konserten i Bergen.

– Ja, det var veldig god klang. Det blei stor lyd, fortel dei og synest det var ei fin oppleving. Dei tre blei plukka ut til å få spela i HUK etter prøvespeling. Til saman er det seks ungdommar med frå Sunnhordland. Fem av dei går på musikklinja ved Stord vidaregåande skule. Det er stor interesse for musikk som ligg bak deltakinga i HUK.

Spelar seg opp

– Først spelte me eit stykke me hadde øvd inn på førehand, og så spelte me notar me aldri hadde sett før, forklarar dei tre om prøvespelinga. HUK har berre to samlingar i halvåret, og difor er det viktig at musikarane har sjølvdisiplin og vilje til å øva på førehand.

– Men me har jo ein månad på oss, seier dei om det. Alle tre spelar i korps ved sida av, pluss skulearbeid.

– Kva er det som gjer at de tek dykk tid til å spela i HUK i tillegg?

– Det er veldig gjevande og lærerikt musikalsk, og dyktig dirigent. Me får spela med andre på vår eigen alder, og me blir kjende med fleire med same interesse, seier dei tre og tenkjer seg òg nokre år fram i tid. Då kan det vera fint å ha kontaktar til dømes i Bergen.

– Og så får me vera med på sånne kule ting som dette, seier dei om å spela i Håkonshallen.

Oslo next

– Kva er vidare opplegg med HUK etter dette?

– Det blir regionkonkurranse i Oslo i april, seier dei tre, men før den tid skal det vera samlingar i februar og april. Kva dei skal spela i Oslo, veit dei ikkje før notane blir delte ut til neste samling. Då gjeld det å gå i gang med øving for å møta best mogeleg førebudd. Dei tre fortel at Spotify er eit godt hjelpemiddel for å gjera seg kjent med ny musikk når dei øver åleine.

Imponert dirigent

Under jubileumskonserten i Håkonshallen var tema musikk frå Hordaland, variert både gjennom marsjar og folketonar, og med innslag av samba og moderne rytmar.

Korpset tel 60 musikantar, og dirigent er Arvid Anthun. Han er svært stolt over det ungdommane presterer.

– Ungdommane i HUK er mellom 14 og 19 år, og fortener å bli tekne på alvor. Desse unge musikarane framfører musikken på ein forbløffande vaksen måte, seier han og fortel at han sjølv òg måtte tørka ei tåre under konserten søndag.

– Dei klarar å frasera slik at følelsar blir løyste ut, seier han og er imponert også over motet dei viser ved å formidla kjensler instrumentalt. Anthun har vore dirigent for HUK i fem år, og har alt merka seg at heilt unge ungdommar blir stadig betre. Han forklarar at å vera med i eit regionkorps er ein viktig del av musikalsk danning.

– Og kanskje tek dei inspirasjon med seg heim til skulekorpset, som blir betre av den grunn, seier Anthun.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.