annonse

Flyg landet rundt med rock ’n’ roll

HOPPANDE GLAD
HOPPANDE GLAD: Heine Totland vil så gjerne til Moster og syngja, og snart er dagen her. — Eg gler meg! seier den spenstige bømlingen. (Foto: )
Det vossabaserte              rockebandet, gromgutane til Heine Totland
ON THE ROAD AGAIN: Twang Gang. Frå venstre Martin Windstud (trommer), Erlend Styve (gitar, vokal), Bendik Brænne (gitar, piano, vokal m.m.) og Roger Alan Ivin (bass, vokal). (Foto: )
BANDBUSSEN
BANDBUSSEN: Twang Gang og Heine Totland har turnert Noreg på kryss og tvers i sommar med rock’n roll-show. Her er dei framme i Haugesund og ventar på ferja til Røvær. (Foto: )

Men snart kjem Heine Totland og bandet Twang Gang endeleg til Bømlo. Neste laurdag, for å vera presis.

Ingvild Sjo

– Det er jo forferdeleg! seier Heine Totland om å køyra forbi heimstaden Bømlo. Saman med rockebandet sitt er han på turne, og det er hektiske dagar for å rekka rundt til festivalar og tilstellingar rundt om i landet, frå nord til sør.

– Men så kjekt at de ville vera med i bandbussen! seier han medan Bømlo-nytt riggar seg til i baksetet i ein mørk grøn van med djupe, svarte skinnsete med armlene, og lekre lyslister i taket. Kjekke rockegutar med solbriller smiler skeivt frå framsetene.

– Fordi dette er kjernen i det å vera artist! seier Totland om å vera undervegs. Å vera på vegen med bandet er essensen i artistlivet. Reisa frå stad til stad, samhaldet undervegs, livet i ein koffert, humoren i gjengen. Totland fortel medan ekvipasjen rullar ned Bømlafjordtunnellen. Turen går mot Haugesund. Dei skal spela på dei minste, minste plassane på dei mest utanskjers avsidesliggjande stadene i dag. Røvær og Brimse. Det er stort. Det synest i alle fall bømlingen om bord. Om vossingen og austlendingane om bord er like glade i høge bølgjer og forblåste kaiar på avsidesliggjande øyar dei aldri har høyrt om, spør me ikkje om. Bandbussen blir spytta ut av tunnelen og Heine Totland får det travelt med å sjekka mørke skyer på vêrmeldingane. Han innser at i kveld kan det bli innslag med lyn og torden under konsertane. Vil dei rekka å spela mellom bygene?

– Me har spelt ute ved mange tilstellingar, og det har gått utruleg bra i år, seier han og skrur optimismen på fullt.

Stjernekamp

Neste helg kjem han altså til Bømlo med Twang Gang, til Mosterhamn, for å laga litt ekstra liv og røre rundt musikalframsyninga «Evita» slik han har gjort før. Heine Totland var i si tid med og starta opp musikaltradisjonen i amfiet.

– Det er jo eit eventyr. Eg kjenner tilknyting til det, seier han og gler seg til å sjå musikalen. Han kjenner miljøet og mange av artistane. Han lovar litt surprise til bømlingane den helga.

– No byrjar jo dette stjernekampgreiene, seier han. Etter at NRK har spurt han i fleire år på rad, har han endeleg takka ja. Rydda plass til det i kalenderen i haust, før det blir premiere på heilt nytt show med Gisle Børge Styve på Ole Bull i Bergen i november. Stjernekamp er ei fin utfordring på mange måtar. Han må laga nye nummer for seg sjølv, i andre genrar enn han vanlegvis utfaldar seg i.

– Eg lovar å ta hiphop på bømla-mål. Eg vil tru det er første gong det skjer, seier han.

– Og kanskje siste, legg han til.

– Har du fått litt nervar for Stjernekamp? Angrar du?

– Nei, eg trur eg har i meg å kunna kjempa i teten i det programmet, men eg vedgår at det tek meir og meir mental energi, seier han medan bandbilen pløyer gjennom 60-sona i Førde.

Entusiasmen

– Kva blir den største utfordringa?

– Det er at ein del av dei andre deltakarane er ekstremt gode songarar, seier han. Han synest tv er eit lumsk medium, for om ein ikkje er heilt til stades eller er litt uærleg i framføringa, så gjennomskuar folk det. Heine Totland har gode verktøy å bruka der. Han er ein scenevant humørspreiar frå før.

– Eg er ein ganske entusiastisk person, så eg kan ta med meg energi, humør og entusiasme og bruka det, seier han og gler seg til å få utfalda seg på skjermen. Han får litt kick av direkte tv, og han håpar på lokal støtte undervegs.

– For det er veldig viktig. Det er utruleg viktig for meg, seier han om kontakten med og responsen frå Bømlo-publikum. Han bur i Oslo, omgjeven av austlendingar heile tida. Korleis han taklar det? Han nullstiller seg når han er heime på Moster slik at han ikkje skal byrja å knota eller bli utvatna på andre måtar. Han er bømling i sinn og sjel. Han har som ein regel å alltid seia at han er bømling når han står på ei scene. Det er hans identitet, og slik skal og må det vera, men han er under konstant press.

– Er det litt synd på deg då, midt i Oslo?

Lite sutring

– Nei, nei, nei, eg har det fint! Austlendingar er gode folk! Sjå berre på desse her! Topp folk, seier han og peikar rundt i bussen og landar på nærmaste vasskjemba rockar. Det er Roger Allan Ivin. Og kva han synest om Heine Totland?

– Når folk spør meg om han er sånn til vanleg som han er på tv, så svarar eg at, ja, det er han! smiler Ivin.

– D’ ække mykje sutring, for å si det sånn! melder austmennene i bussen. Men i dag tidleg, då Heine kom til flyplassen berre 10 minutt før flyavgang, då stod han ikkje så høgt i kurs. Å reisa så mykje som Heine Totland gjer og har gjort, det blir ein eigen livsstil. Då tek ein lettare på ting. Pakking av koffert, til dømes, det er han ekstremt god på. Han har fleire koffertar på gang, små nok til å vera handbagasje. Ein koffert står heime og er på veg ut når den andre er på veg inn. Og ein står som regel på hittegodset på Gardermoen. Heine Totland ler og har sans for det hektiske livet. Han kjenner at han blir uroleg om rammene rundt han blir for stramme, for trygge.

– Eg blir faktisk stressa av tryggleik, seier han og avslører ei kreativ sjel, for det er då han føler han at det er tid for å gjera noko nytt. Gjerne noko han aldri har gjort før.

– Artistlivet kan framstå som kaotisk, men fadderullan så mykje kjekt det er!

Kokken tok over

Etter at Heine Totland var programleiar for matprogrammet «Det norske måltid» saman med Arne Hjeltnes, har kokkedelen av artistlivet hans vokse seg så sterk at Totland sjølv vart litt bekymra.

– Folk trudde eg var ein kokk som var god til å syngja, fortel han. Det blei ikkje betre av Kiwi-reklamen som han er med på. Difor er Stjernekamp kjærkomme. Det blir fokus på musikk, og det er ein flott måte å få balansera karrieren på. Det kan opna nye dører.

– Trur du nokon går og handlar på Kiwi spesielt på grunn av deg?

– Ein kan ikkje sjå vekk ifrå det! seier Totland og ler godt, men frå spøk til alvor. Prosjektet som han har laga med Kiwi der han erstattara den svenske tv-kokken Tina, har gjeve topp utteljing for kjeda.

– Og det er det veldig kjekt å få oppleva, seier han. Me nærmar oss Haugesund sentrum. Byen der Heine Totland budde frå han var tre år til han var sju. Eller på Risøy, nærmare bestemt. Heine Totland peikar. Sola skin og belegg Smedasundet med gull og glitter. Solbriller må på, og bandet poserer ved bilen. Ei lita glipe venting no, litt kjendissprading langs sundet, før ferja går til Røvær. Heine Totland nyt Vestlandet. Han er ferdig med ferien, og den vart gjort unna i Frankrike i eit leigd hus saman med familien.

– Men denne sommaren, denne sommaren angrar eg på at eg ikkje berre sat på ei bryggje på Bømlo og dingla med beina. Heile tida.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.