Bømlo-Nytt

Kultur

For første gong i Øklandsvåg

For første gong i Øklandsvåg

Større båt har ikkje vore til kai hos Bremnes Seashore, men brønnbåten «Ronja Strand» har god klaring i sundet ein finvêrsdag.

Dei grøne brønnbåtane Bømlo Brønnbåtservice eigde er eit kjent syn sunnhordlandsbassenget, men snart skal dei få blåmåla skrog. Reiarlaget Sølvtrans i Ålesund har overteke, og dei har 18 slike blå søsterskip. På våre kantar er tidlegare «Øystrand» no i arbeid som «Ronja Strand», og Bømlo-nytt er invitert om bord i Øklandsvåg.

SKIPPER PÅ LAND Leif Kåre Sørvik har arbeidd mykje på brønnbåt, men gjekk i land for å få meir tid til familie, for det er òg viktig. No er han operasjonskoordinator sjø hos Bremnes Seashore og synest arbeidsdagane er interessante og gjevande.

SKIPPER PÅ LAND: Leif Kåre Sørvik har arbeidd mykje på brønnbåt, men gjekk i land for å få meir tid til familie, for det er òg viktig. No er han operasjonskoordinator sjø hos Bremnes Seashore og synest arbeidsdagane er interessante og gjevande.

Operasjonskoordinator sjø, Leif Kåre Sørvik i Bremnes Seashore er sjølv skipper og følgjer innseglinga nøye. Han skal sjå på eventuelle utbetringar ved Bremnes Seashore sitt anlegg når det gjeld tilkomst for større skip. Det må vera god klaring for det er ikkje alle dagar som er like fine som denne. Øklandsvåg har storhavet like utanfor.

Transport og behandling

«Ronja Strand» tek oppdrag for Bremnes Seashore innan både frakt av fisk og behandling mot lus. Det kling i sunnmørsk når mannskapet ropar til kvarandre om bord, men mannen som står på baugen og svarar, er bømling. Matros Jørgen Hatlevik frå Espevær er høgt og lågt som ein røyskatt under innseglinga, og når skipet legg til kai og trosser skal på plass.

Se dette bildet i full størrelse
BEHANDLING MOT LUS Med ein kapasitet på 28 millionar liter vatn i timen går det unna med pumpene. To lasterom på kvar 1.800 kubikk gjer «Ronja Strand» til ein effektiv medhjelpar i kampen mot lus på fisken.

BEHANDLING MOT LUS: Med ein kapasitet på 28 millionar liter vatn i timen går det unna med pumpene. To lasterom på kvar 1.800 kubikk gjer «Ronja Strand» til ein effektiv medhjelpar i kampen mot lus på fisken.

– Ein flott båt! seier Leif Kåre Sørvik medan skipet vert fortøydd. Sørvik filmar og registrerer avstandar. Brønnbåtar er djupe, og denne båten har to tankar på kvar 1800 kubikk. Det stikk djupt i sjøen når båten er fullasta. I styrehuset står kaptein Njål Ottesen og veit korleis han vil ha det. Han vinkar Sørvik om bord, og Bømlo-nytt får vera med.

På cruise

Innvendes minner «Ronja Strand» meir om eit hotell enn ein båt. Rekkjer med fine lugarar, kunst på veggane, utsmykking med bilete av lokale fotomotiv laga av Åsmund Nesse, kinosal og store opphaldsrom med endå fleire tv-skjermar – for det er ikkje alle heiar på same fotballag. Slikt er med på å auka trivsel. Og ei slik satsing på sjøfolk er òg med på å heva sjømannsyrket opp i ei meir bekvem sone.

Det er tydeleg at mannskapet trivst og er stolt av båten sin. Her er det bysse med kokk som lagar så god mat at mannskapet stadig kjem inn på samtaleemnet. Kva er det til middag i dag då?

– Men det er vel laks til middag kvar dag her om bord?

– Hehehe. Nei, det er nok ikkje det, seier dei og klappar seg på magen. Når ein har hyrt inn ein kokk frå hurtigruta som har til jobb å fôra eit mannskap på åtte, så seier det seg sjølv at maten smakar fortreffeleg. Og då kan det fine trimrommet òg få koma til god nytte. Der står det siste nytt i treningsapparat klart til bruk. Men ikkje i dag.

Blank fisk

Oppdrettsnæringa er ei næring av så store dimensjonar at det er vanskeleg å sjå for seg fiskestimen som skal ut av landet på trailer. Ved Bremnes Seashore er produktet Salma eit internasjonalt varemerke. Verksemda syt for milliardar i eksport. Den vesle vågen på Bømlo gjer verdiskapinga synleg. I takt med auka produksjon aukar miljøomsynet. Fisken vil alltid prøva å rømma, og då er han å rekna som miljøforureining og økonomisk tap. Tryggleikstiltak langs merdar og anlegg er svært viktig. Leif Kåre Sørvik fortel om stadig nye metodar og forsking for utbetringar, men han er varsam med å røpa nyhende i ei næring med sterk konkurranse.

MASKINSJEFEN Mareno Hagseth frå Midøy har jobba på ulike båtar, men ingen finare enn «Ronja Strand». – Brønnbåtar er gode arbeidsplassar på sjøen. Ein ser land heile tida, finare vêr og fine fjordar. Folk reiser jo på cruise i desse fjordane, seier chiefen.

MASKINSJEFEN: Mareno Hagseth frå Midøy har jobba på ulike båtar, men ingen finare enn «Ronja Strand». – Brønnbåtar er gode arbeidsplassar på sjøen. Ein ser land heile tida, finare vêr og fine fjordar. Folk reiser jo på cruise i desse fjordane, seier chiefen.

– Men nye ting og utvikling er det heile tida. Det må det vera, seier han. Særleg er kampen mot lusa aktuell.

Det er ikkje berre folk som er glade i blank fisk. Kva tid lusa slepper taket, er av stor interesse. No er høgare temperatur det beste avlusingsmiddelet, og det gjer «Ronja Strand» til eit miljøskip når ho ligg ho ved oppdrettsanlegga og reinsar fisken for lus, utan bruk av kjemikaliar.

BØMLING OG MATROS Jørgen Hatlevik har det travelt på dekk og held god kontroll på fortøyingane. Det er spesielt viktig jobb på ein brønnbåt, slik at ein ikkje kjem borti noko som kan øydeleggja merdar.

BØMLING OG MATROS: Jørgen Hatlevik har det travelt på dekk og held god kontroll på fortøyingane. Det er spesielt viktig jobb på ein brønnbåt, slik at ein ikkje kjem borti noko som kan øydeleggja merdar.

4–4

Mannskapet på brønnbåtar arbeider fire veker på sjøen, og har fire veker fri. Dei synest likevel ein del ting veg opp for å vera heimanfrå så lenge, og det er at båten er komfortabel, og går innanskjers.

EIT VAKKERT CRUISE Dei har jobba på mange ulike båtar, men å få jobba på denne brønnbåten er ekstra flott, og dessutan er landskapet er slåande vakkert, sjølv for ein sunnmøring. – Me treng ikkje reise på cruise, for me er på cruise heile tida, seier styrmann Michael Garnes Hauge og kaptein Njål Ottesen. Sistnemnde frå Toska ved Radøy, og har snart 19 års fartstid på brønnbåt.

EIT VAKKERT CRUISE: Dei har jobba på mange ulike båtar, men å få jobba på denne brønnbåten er ekstra flott, og dessutan er landskapet er slåande vakkert, sjølv for ein sunnmøring. – Me treng ikkje reise på cruise, for me er på cruise heile tida, seier styrmann Michael Garnes Hauge og kaptein Njål Ottesen. Sistnemnde frå Toska ved Radøy, og har snart 19 års fartstid på brønnbåt.

– Skjer det noko, så er det kort veg heim. Det er enkelt å koma til og frå jobb. Dessutan er det rolegare sjø i fjordane, og varierte arbeidsdagar der ein heile tida treffer folk, seier dei og ser på klokka. Det er vel snart middag. Bømlo-nytt går på land, saman med omvisar, saman med Leif Kåre Sørvik. Han kjenner dragning mot livet om bord, men skiftar snart fokus til det som er på land, for her går det unna, og ved Bremnes Seashore byggjer dei nytt slakteri.

 - 21 ÅR PÅ BRØNNBÅT Kven har me her? Kaptein Leif Torkelsen om bord i søsterskipet «Ronja Sund», og han kjenner innseglinga til Øklandsvågen etter å ha ført brønnbåt sidan 1997. Han skal om bord og få kaffi og ein prat med ein god kollega. Om han er misunneleg på ein litt større båt? Nei. Han har det fint om bord på «Ronja Sund», tidlegare «Øysund».

21 ÅR PÅ BRØNNBÅT: Kven har me her? Kaptein Leif Torkelsen om bord i søsterskipet «Ronja Sund», og han kjenner innseglinga til Øklandsvågen etter å ha ført brønnbåt sidan 1997. Han skal om bord og få kaffi og ein prat med ein god kollega. Om han er misunneleg på ein litt større båt? Nei. Han har det fint om bord på «Ronja Sund», tidlegare «Øysund».

ingvild@bomlo-nytt.no