annonse

Førebur 1000-årsjubileum i 2024

Nytt 1000-årsjubileum
Nytt 1000-årsjubileum: Hordaland fylkesting vil vera med på eit nytt Riksjubileum på Moster, i 2024. Biletet viser 900-årsjsubileet for Kristenretten, der kong Haakon 7. var til stades. Mellom 7000 og 8000 personar samla seg på Moster denne dagen, 29. juli 1924. Biletet er frå Kannelønning-samlingane og me har fått låna det frå Moster Museum. (Foto: )

Hordaland fylkesting er positive til eit riksjubileum i 2024 knytt til 1000-års markering av innføring av Kristenretten. Hovudbasen for feiringa skal vera på Moster, meiner fylkestinget.

Randi Olsen

Det skal no etablerast eit forprosjekt som fram til sommaren 2018 skal konkretisera planane for riksjubileet. Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune skal vera to av medlemmene i forprosjektgruppa, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Kommunen og fylkeskommunen skal i fellesskap arbeida ut eit nærare mandat for prosjektet. Bømlo kommune skal koordinera arbeidet med jubileet fram til ei anna organisering eventuelt vert avgjort, meiner fylkespolitikarane.

Hordaland fylkeskommune vil koma tilbake til økonomien i prosjektet i samband med budsjettet.

Først på Moster

Den første av i alt fire kristenrettar i landet på 1020-talet fann stad på Moster i 1024, der dei grunnleggjande, nye lovene (rettane) vart presentert på Mostratinget av vikingkongen Olav Haraldsson og Bispen Grimkjell.

Med denne Kristenretten vart det offentlege rommet kristna, kyrkja vart lovfesta som den sentrale samfunnsinstitusjonen, det vart gjeve like lover for heile landet og eit samfunnsbyggjande, regulert skattesystem vart innført.

Kristenretten på Moster i 1024 la grunnlaget for rettsstaten, der det einskilde mennesket er ansvarleg for sine gjerningar. Kristenretten innlemma Noreg i eit meir moderne, katolsk Europa på 1000-talet, der nye tankar og idear bana veg for demokrati og rettsutvikling, heiter det i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.