annonse

Fullt allbrukshus på Gilje

: Fire staute tromissar, Lasse Nataniel Høgmo Breivik, Andreas Brakedal, Erik Ådnanes og Fredrik Sortland Mæland alle 8 år. Enno har dei ikkje fått prestert. Etter spelinga var dette fire blide avslappa stolte musikarar.
: Fullt opp under tilstellinga i allbrukssalen på Gilje skule laurdag.
: Med slike korps blir det musikk som høyrest.

På den finaste laurdagen så langt i år, skipa Bømlo skulekorps til basar med musikk attåt på Gilje skule.

  • Mariann G. Sagvåg

Vêret fekk vara vêr, for her var det i alle fall fullt hus. Korpsingar frå fire korps med familiar og venner treng sjølvsagt mykje plass.

Her skal ein uinnvigd halda tunga beint i munnen. Meling og Svortland skulekorps er det same som Bømlo skulekorps. Korpsinteressserte frå Gilje-krinsen er også ein del av Bømlo skulekorps. Ofte er Rubbestadnes skulekorps også med, slik som laurdag. Då vert det Bømlo samarbeidskorps. Trond Haldorsen gjorde dette klart. Han er leiar for Bømlo skulekorps og la til at han trur Rubbestadnes skulekorps blir med i Bømlo skulekorps etter kvart. Haldorsen leia frammøtte og musikantane rundt til dei ulike innslaga.

Aspirantane sjarmerte

Det er slik at aspirantane får spela aller fyrst, så kan dei kosa seg resten. For det er både alvorleg og litt skrekkeleg spannande å spela for så mange for fyrste gong. Det er slik det er.

Når heile korpset set seg saman og tek til å musisera er det verdt å låna bort øyra. For her svinga det skikkeleg. Ulike instrumentgrupper fekk solooppdrag, slik fekk me mellom anna, høyra klåre, vare klarinettonar midt i musikken.

Dirigent og leiar for Rubbestadnes skulekorps, Åse Rønningen, let oss få ein gløtt inn i eitt nyss starta musikkprosjekt.

Eventyret «Sander Sengetøy» kan kanskje kallast eit musikkeventyr.

Rønningen las lengre og kortare passasjar frå eventyret og musikarane kom inn og fargela dramaet med høvelege instrument. Veldig morosamt å høyra på, og det såg ut til å vera veldig kjekt og utøve også. Men altså enno i startgropa. Her er noko å venta på.

Vel unte blomebukettar til dei to dirigentane. Linn Jæger Espeland for Bømlo skulekorps og Åse Rønningen for samarbeidskorpset.

Så var det å gje seg lodd og årar i vold. Her fløymde over av flotte gevinstar som berre venta på å få bli med ein eller annan heim. Mens dei venta kunne folk ta for seg av flotte, velsmakande kaker og kaffi eller noko anna vått attåt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.