annonse

Glade småtroll i Miniamfiet

– Jaaa!
– Jaaa!: Det er ein god dag for alle troll når Tor med hammaren ikkje lenger veit kor hammaren er (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Gøy med teater
Gøy med teater: Frå venstre ser me Sunniva Helene Nygård (12/Vesle-Tor), Jakob Willem Økland (13/Tor med hammaren), Lea Meling (12/Trym Trollkonge), og Ylva Meling (12/Loke) (Foto: Håvard Hammarstrøm)

I pinsehelga blir det høve til å sjå Tor Åge Bringsværds «Tor med hammaren» i Miniamfiet på Moster.

Håvard Hammarstrøm

I alt 28 barn i fjerde- til sjuandeklasse står på scenen i årets utgåve av «Tor med hammaren». Dei byrja for alvor å øve på replikkane sine etter påske.

Stykket blir sett opp i eit samarbeid mellom produsent Bømlo barne- og ungdomsteater, Bømlo kulturskule og Bømlo Teater.

– Det er eit veldig godt samspel mellom teateraktørane på Bømlo. Foreldra syner stort engasjement og stiller opp. Dei tek seg av det sosiale, og alt bak scenen med rekvisittar, kulisser og kostyme. Utan samspelet med dei hadde det ikkje blitt noko framsyning, seier regissør Marco Thomas.

Ikkje heilt likt

I fleire år sette barne- og ungdomsteateret opp «Litle Torolv» i Miniamfiet under Mostraspelet. For to år sidan valde ein å prøve noko nytt, og sette opp «Tor med hammaren» av Bringsværd i staden. Slik blir det også i år.

Sjølv om teaterstykket er det same som for to år sidan, er dei fleste skodespelarane nye. I tillegg er det også skrive inn fleire nye roller. Årsaka til det er at alle skodespelarane har replikkar. Slik var det ikkje i 2017.

– Snittalderen på skodespelarane er også lågare i år enn for to år sidan, forklarer Thomas. Å hugse replikkane er ein ting. Regissøren seier den største utfordringa på ein utescene som dette er å snakke høgt så alle høyrer.

Tysdag denne veka var det første gjennomkøyring av heile stykket frå start til slutt.

– I kveld ser me kva me treng å arbeide med i morgon og utover i neste veke. Det viktige for oss er at elevane utviklar seg. Me ønskjer sjølvsagt å levere kvalitet og ei god teateroppleving til publikum, men me er først og fremst her for elevane.

Tor har mista hammaren

Handlinga i stykket kretsar rundt gudeverda i norrøn mytologi. Stykket startar med guten Tor, som faren les for på sengekanten. Faren les mellom anna om guden Tor med hammaren (spelt av Jakob Willem Økland).

Plutseleg er Vesle-Tor (Sunniva Helene Nygård) midt i ei verd full av troll, gudar og Midgardsormen. Mjølner, hammaren til guden Tor, er borte. Kor har han blitt av? Etter kvart syner det seg at det er trollkongen Trym (Lea Meling) som har stole hammaren.

Trym seier seg villig til å byte hammaren tilbake mot at han får gifte seg med kjærleiksgudinna Frøya. Men ho vil ikkje gifte seg med Trym, og Trym berre lèt som han er villig til å gje frå seg hammaren. Korleis skal dette ende? Kan Vesle-Tor sitje på nøkkelen til det heile?

Gøy å spele teater

Bømlo-nytt slo av ein prat med fire av skodespelarane i pausen tysdag kveld. Sunniva Helene Nygård (12) spelar Vesle-Tor i stykket, medan Jakob Willem Økland (13) spelar Tor med hammaren. Tvillingane Lea og Ylva Meling speler høvesvis Trym Trollkonge, og «dobbeltagent» Loke. Jakob og Sunniva var med også for to år sidan. Jakob spelte trollet Skrotolf, medan Sunniva Helene spelte trollet Rutle. Lea og Ylva var ikkje med sist.

– Dette blir veldig kjekt og spennande, seier Lea.

– Ja, og spele ute. Spennande kva vêr me får. Om det blir pøsregn eller sol, seier Ylva og ler.

– Eg trur det blir veldig gøy, seier Sunniva.

– Me har øvd mykje, og har mykje fokus på scenen og hugse alle replikkane. Det er ikkje alltid like lett, seier Jakob Willem.

– Eg kan heile manuset utanåt! seier Sunniva Helene. Ylva er imponert over kva ho hugsar. Replikkane byrjar sitje. No slepp dei å lese frå manuset.

– Me gler oss veldig!

Det blir tre framsyningar av stykket, med to framsyningar laurdag 8. juni og ei framsyning sundag 9. juni.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.