annonse

Glaskunst og kafé i Tollhagen

Glaskunstnarar
Glaskunstnarar: Julie Shirani H’Kausland, Eirin Bjørnsland Hansen og Kirsten Vikingstad Storesund stiller ut glaskunst i Tollhagekjellaren neste veke. (Foto: Privat)
: Glaskunst 1 (Foto: )
: Glaskunst 2 (Foto: )

I timane før du skal på Evita-framsyning i Moster Amfi kan du sitja ved eit kafébord i idylliske Tollhagen. Og i kjellaren kan du få med deg flott glaskunst signert Formbar Glassverksted.

Randi Olsen

Bømlo kunstlag er ansvarlege for utstillinga og saman med Bømlo Teater held dei open kafé i Tollhagen gjennom heile musikalperioden frå 8. til 18. august.

Glasverkstaden held til i Haugesund og er ein fellesverkstad og atelier som vart etablert i 2017 av glaskunstnarane Eirin Bjørsland Hansen, Julie Shirani Kausland og Kirsten Vikingstad Storesund. Dei satsar på høg kvalitet og tilbyr designvarer, brukskunst og kunst i glas. I tillegg til besøkslokale og utsal har verkstaden deira ein fullt utrusta glasblåsarverkstad og slipeverkstad.

Julie Shirani Kausland kjem frå Bergen og har m.a. utdanna seg ved Glasskolan i Kosta, Nordiska Programmet, Sverige og har delteke ved kollektivutstillingar i Sverige, Latvia og Norge. Ho jobbar strukturert og er oppteken av teknisk godt handverk med høg funksjonalitet og fokus på detaljar. Som formgjevar har ho ein lidenskap for brukskunst av høg kvalitet med ein estetikk som speglar att hennar interesser og oppfatning av verda.

Eirin Bjørsland Hansen kjem frå Elverum og er m.a. utdanna ved Riksglasskolan i Orrefors, Sverige og Det Kongelige Danske Kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering, avd. Glass, Bornholm, Danmark. Ho har medverka på fleire kollektivutstillingar i inn- og utland og har hatt ei separatutstilling i Galleri T i Elverum. Ho jobbar både funksjonelt og skulpturelt, men vert stadig dregen vekk frå det tradisjonelle mot det abstrakte og skulpturelle. Ho hentar inspirasjon frå naturen, havet og fargesjatteringar på himmelen.

Kirsten Vikingstad Storesund (Karmøy) har også si utdanning frå m.a. Riksglasskolan i Orrefors, Sverige. Ho har delteke ved fleire utstillingar både i Norge og utanlands. Ho arbeider systematisk og brukar mykje av sitt opphav som hovudinspirasjon til nye produkt og kunstobjekt. Som formgjevar og handverkar jobbar ho med komposisjon, strame former og blandar gjerne andre materialer inn i arbeida for å skapa eit heilheitleg inntrykk.

Velkomen til alt som skjer i og rundt Moster Amfi desse ti dagane, skriv Aase Rusten i ei pressemelding frå Bømlo kunstlag.

randi.olsen@bomlo-nytt.no


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.