annonse

God stemning på Løp for livet-konserten

: Ten Sing Bømlo fekk æra av å opne årets Løp for livet-konsert. Koret og bandet serverte flott song og musikk. Alle (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
: Morgan Sulele inviterte publikum på allsong under framføring av «Bare min».
: Åsmund Nesse song fleire nye songar for publikum i Bømlohallen.
: The Unicorn Crew i aksjon under Løp for livet-konserten.
: Ten Sing Bømlo har mange flinke dansarar. Det fekk publikum bevis på sundag kveld.

Morgan Sulele fekk salen med på allsong og Åsmund Nesse song nye songar då Løp for livet inviterte til konsert til inntekt for kreftsaka.

Håvard Hammarstrøm

Dei om lag 300 som sat i hallen sundag kveld lét til å kose seg med det som vart servert frå scenen i Bømlohallen. Konferansier Jògvan Brimheim Gunnarsson ønskte velkommen og leia konserten på framifrå vis. Han sa det var ein sann glede å komma heim til Bømlo og kunne bidra til årets Løp for livet-konsert.

Song og dans

Første post på programmet var Ten Sing Bømlo. Koret frammøtte to songar. Fint framført, akkompagnert av eit godt band. Deretter varta Ten Sing også opp med dans. Det var tydeleg at dei som dansa hadde det kjekt, og det var også god stemning blant publikum. Gunnarsson sa seg imponert over det han hadde sett og høyrt, og han introduserte så Joakim Habbestad Løkke, leiar i Løp for livet-komitéen. Løkke fortalde om russen sine tre tiår med innsamling til kreftsaka.

- Me får til noko som ingen andre klarer. Årsaka til det er at me skaper engasjement. Eg er stolt av å leie noko så fantastisk. No skal me toppe fjoråret, og me skal avslutte med stil. Om det ikkje blir rekord så reddar me liv med innsatsen vår. Eg vil takke alle artistane og alle som er med på å gjera denne konserten mogeleg, sa han og hausta applaus.

Nye låtar frå Nesse

- Neste artist er sjølve definisjonen på ein lokal godgut, sa konferansier Gunnarsson, før han ønskte Åsmund Nesse velkommen på scenen. Nesse takka for invitasjonen. Han sa at han denne dagen ville presentere nokre nye låtar for publikum. Mellom anna framførte han ein song med arbeidstittel «Der oppe i Å» som opphavleg er ei irsk låt, arrangert av ein skotte og omsett til bømmelsk av Nesse. Denne var flott å høyra. Ei låt med sommarhit-potensiale.

Han heldt fram med arbeidstitlane «Bånnsull ifrå vest» og «Draumen som sige forbi». Til slutt framførte han songen han slo igjennom med, «Gje meg ei lysning». Publikum takka Nesse med varm applaus.

The Unicorn Crew

Gunnarsson testa lydnivået på publikum i salen, før han kunngjorde at no var det pause. Det var høve til å få seg noko å ete eller drikke i kiosken, som gav meir klingande mynt i Løp for livet-kassa. Etter rigging på scenen var det dansegruppa The Unicorn Crew sin tur. Her vart synt fram flott dans til eit begeistra publikum.

Allsong med Sulele

Siste artist ut under årets Løp for livet-konsert var Morgan Sulele. Gunnarsson fortalde om artisten at austlendingen hadde gått rett inn på andreplass på VG-lista med ei av låtane sine. Han var kjent for låtane «Jeg vil heller ha deg», «Bare min» og ikkje minst den siste singelen «Høyt over Oslo».

- Kjekt å vera her, og eg er stolt over å få høve til å støtte ei så god sak, sa Sulele. Han framførte fire låtar, deriblant dei tre tidlegare nemnde. På «Bare min» inviterte han publikum med på allsong.

Nøgde publikumarar

Heilt til slutt vart det delt ut blomar til dei som stod bak konserten. Så vart det ønskt vel heim. Publikum applauderte. Dei lét til å vera svært godt nøgde med kvelden. Det stadfester også Mildrid Sætre (13) og Stine Hjellebakke Høgberg (12 1/2). Dei var begge samde om at det hadde vore ein god konsert.

- Det var god underhaldning, seier Mildrid.

- Kva var det beste med konserten?

- At me støtter ei god sak, kjem det raskt frå Stine.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.