annonse

Har funne musikalsk leiar til «Evita»

ERFAREN
ERFAREN: Trond Husebø dreg nytte av si mangeårige røynsle frå store oppsettingar i Moster Amfi når han no er blitt musikalsk leiar for "Evita"-musikalen neste sommar. Pressefoto

Bømlo Teater har hyrt inn Trond Husebø som musikalsk leiar for oppsetjinga av «Evita» i Moster Amfi neste sommar.

Nils-Tore Sele

Trond Husebø blir musikalsk leiar for Bømlo Teater sin produksjon av Evita i Moster Amfi i august 2018, går det fram av ei pressemelding som Bømlo Teater sende ut onsdag.

– Med Trond får me ein erfaren og allsidig musikalsk leiar. og ser fram til nok eit godt samarbeid med han. Bømlo Teater er heldige som har ein så erfaren dirigent og musikar frå vår eigen region til å ha den musikalske leiinga for dette storprosjektet. Me ser fram til eit godt samarbeid med Trond, heiter det i pressemeldinga frå Bømlo Teater.

Allsidig røynsle

Husebø kjem opprinneleg frå Ølen og har ein allsidig bakgrunn som dirigent og bratsjist. Husebø og Bømlo Teater er godt kjende med kvarandre frå før. Han har vore med på fleire tidlegare produksjonar frå Bømlo Teater i Moster Amfi.

Då teateret sette opp «Miss Saigon» i 2009, var han med som musikar og assistentdirigent, det same under «Musikalske Høgdepunkt» to år seinare og som musikar under framføringa av sogespelet «I slik ei natt» både i 2016 og 2017. Husebø har utanom dette vore dirigent for Mostraspelet «Kristkongane på Moster» i ei årrekkje.

I inn- og utland

Husebø er utdanna ved Norges Musikkhøgskule og var tilsett som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester frå 2009 til 2011. Han har sidan dirigert dei fleste norske orkester og ensemble. Han dirigentdebuterer ved Oslo Filharmoniske i sesongen 2017/2018.

Dirigentarbeidet har også gjeve han fleire jobbar i utlandet, og han har dirigert fleire kjende symfoniorkester både i Sverige og Danmark.

Han har også dirigert for Secret Garden og arbeidd med Atlanta Pops Orchestra i USA.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.