annonse

Heine og Silje kjem med storband i romjula

Silje og Heine med band
Silje og Heine med band: Stord storband har reist seg or oska, og kjem til Bømlo i romjula saman med ekteparet Silje Nergård og Heine Totland (biletet). Arkivfoto (Foto: )

Stord Storband skal samlast att etter 15 år i dvale. 29. og 30.desember held det tradisjonsrike storbandet konsertar i kulturhusa på Stord og på Bømlo.

Til desse konsertane har bandet fått med seg vokalistane Heine Totland, Silje Nergård og Gisle Alsaker. Kapellmester vert gitarist og komponist Hans Mathisen.

Han har også skrive arrangementa til musikken som skal framførast på desse to konsertane, heiter det i pressemeldinga frå storbandet.

Det vert eit utval av dei mest kjende «krooner»-låtane, som t.d. Frank Sinatra og Ella Fitzgerald gjorde eviggrøne. I tillegg vert det smakebitar frå nyare artistar som t.d. Al Jarreau, The Hollies, L ionel Richie og David Bowie for å nemna nokre.

Elles er Stord Storband sett saman av lokale musikantar eller musikantar med lokal tilknyting. Jan Kåre Hystad, Ole Jacob Hystad, Tor Yttredal, Gunnar Onarheim og Harald Onarheim spelar saxofonar. Geir Lund, Per Lund, Åge Østrem, Preston Kingsley og Eli Nina Barsnes spelar trompet, Jan Magne Olsen, Tørres Edvardsen, Robert Sylta og Pål Roseth spelar trombone, medan Halvor Folgerø, Tarald Tvedten, Helge Lilletvedt og Hans Mathisen utgjer kompet.

– Me ser fram til å spela for Bømlo-publikummet, og håpar dei fyller kulturhuset den 30.desember. Ikkje kvardagskost at Heine kjem heim med eit heilt storband på slep! skriv Geir Lund til slutt i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.