annonse

Imponerande jubileumsshow

Ten Sing i 45 og 50 år
Ten Sing i 45 og 50 år: I år er det 45 år sidan den første Ten Sing-gruppa Exodus starta opp på Bømlo og det er 50 år sidan første Ten Sing-kor i Noreg starta opp. Det vart markert med showkonsert i Bømlo kulturhus laurdag. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Stålkontroll
Stålkontroll: Ten Sing Bømlo hadde sine eigne teknikarar på plass bak spakane (Foto: Håvard Hammarstrøm)
God markering
God markering: Ten Sing Bømlo kan vera nøgd med god gjennomføring av jubileumsshowet (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Oppvarming
Oppvarming: Publikum var med på notane under oppvarminga. (Foto: )
Historisk tilbakeblikk
Historisk tilbakeblikk: Velkommen til 1970-talet. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Godt band
Godt band: Bandet er blitt godt samspelt på kort tid og gjorde eit solid inntrykk under konserten (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Minikor
Minikor: Det var mykje flott song i Bømlo kulturhus laurdag kveld. Her er minikoret i aksjon (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Dans
Dans: Det er imponerande å sjå når det største Ten Sing-koret i Noreg vartar opp med dans som dette (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Blomar til dei vaksne
Blomar til dei vaksne: Ten Sing Bømlo takka dei vaksne som er til stades for ungdomen i Ten Sing (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Friends
Friends: Dei unge gjennomførte ein glitrande lokal versjon av TV-serien «Friends» (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo-Show
Ten Sing Bømlo-Show: (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Ten Sing Bømlo feira 50-årsjubileet til Ten Sing Norway og sitt eige 45-årsjubileum med eit imponerande jubileumsshow i Bømlo kulturhus.

Håvard Hammarstrøm

Showet hadde fått namnet «Unlimited – You can´t stop us now», og det var eit passande namn. Dei unge sjølve stod for alt i samband med jubileumsshowet, både på og bak scenen. Det var berre å lene seg tilbake og la seg imponere.

Helsingar til jubilanten

Showet starta med at det vart synt gratulasjonshelsingar på kinolerretet.

Helsingane kom frå mellom andre grunnleggjaren av Ten Sing Exodus, Per Bjørn Habbestad, KrF-leiar og rubbestadnesing Knut Arild Hareide (som sjølv var med i Ten Sing), Sigurd Sele i tillegg til tidlegare medlemmar av Ten Sing Bømlo som helste frå både inn- og utland.

Publikum applauderte.

Deretter var det oppvarming, der også publikum fekk røre litt på seg.

Historisk tilbakeblikk

Med eit godt band i ryggen og flinke songsolistar vart den eine songen etter den andre framført på strålande vis. Det er mange av våre fremste artistar som har starta i Ten Sing, og det er ikkje tvil om at også dagens Ten Sing Bømlo har nokre store songtalent.

I tillegg fekk publikum bli med på eit historisk tilbakeblikk som vart dramatisert på ein fin måte. Her møtte 70-talets bømlaungdom jamaldrande frå dei neste tiåra og dagens ungdom.

Dans og drama

Under vegs vart det også synt film som presenterte alle gruppene i Ten Sing Bømlo. Godt laga av mediegruppa.

Det vart også synt at det er skodespelartalent i koret med ein herleg lokal versjon av «Friends».

Sist men ikkje minst vart det synt mykje fin dans under showet laurdag kveld. Det er imponerande å sjå når det største Ten Sing-koret i Noreg dansar i takt. Som ei fin avslutning fekk vaksenleiarane blomar, og publikum gav ståande applaus.

I den prisløna webserien vår Ung & Aktiv laga me denne filmen om Ten Sing Bømlo

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.