annonse

Imponerande sogespel

Midt i stormen
Midt i stormen: Reisa til Cadiz går ikkje føre seg utan dramatikk (Foto: Håvard Hammarstrøm)
På lånt tid
På lånt tid: Biskopen av Canterbury (Johannes Hjelland) i møte med Rane (Torleif Stokke) (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Stormande applaus
Stormande applaus: Skodespelarane og musikarane fekk jubel, plystring og applaus etter skuleframsyninga (Foto: Håvard Hammarstrøm)
God stemning
God stemning: Vikingane får godt betalt i England og tek seg ein fest (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Draum
Draum: Det er mykje fin song i «I slik ei natt» (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Tore Hund
Tore Hund: Regissør Svein Tindberg i rolla som Tore Hund (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Budde på kamp
Budde på kamp: Eit par fine kampscener fekk barna i benkeradene til å både le og måpe (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Romantikk
Romantikk: Det oppstår søt musikk mellom Omar (Kurt Mega Herdlevær) og Gyril (Vilde Stokke) (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Venter på heimkomsten
Venter på heimkomsten: Nina Sele, Nina Meldahl Olsen og Vilde Stokke saman med eit par av barna som speler i stykket. (Foto: )
Daglegliv på Moster
Daglegliv på Moster: Barna leikar (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Det er berre å benkje seg i Moster Amfi og nyte sogespelet «I slik ei natt».

Håvard Hammarstrøm

Det er rett og slett veldig imponerande det skodespelarane leverer under framføringa av «I slik ei natt». Her er profesjonelle skodespelarar som vartar opp med gode prestasjonar, men her er ikkje minst også amatørar som står fram og verkeleg imponerer i større roller, til dømes Torleif Stokke i rolla som Rane, Vilde Stokke i rolla som Gyril og Annemor Kvarven som Tora.

Morosamt er det også å sjå Ina Celise Sortland som «Darling» frå Espevær, og Nina Meldahl Olsen speler også godt som Ragnhild.

Vel gjennomført

Under skuleframsyninga fredag var det eit par mindre glipp under vegs, men det meste gjekk på skjener. Alle på scenen spelte med god innleving og var truverdige i rollene sine. Her var fine prestasjonar frå dei minste barna til dei eldste skodespelarveteranane.

Regissørane Svein Tindberg og Nina Sele har ikkje berre ansvar for regien. Dei speler også i stykket.

Scenografien fungerer godt i det å skildre parallelle handlingar på to stader av Europa samstundes, rørslene til skodespelarane på scenen sit som dei skal, både i storm og stille, her er flott song, og bak scenen sit flinke musikarar.

God historie

«I slik ei natt» er ei god historie ført i pennen av Svein Tindberg. Stykket handlar om brytningstida mellom norrøn religion og kristendom, om vikingkongen Olav Haraldsson (Rolf Kristian Larsen) som til slutt let seg døypa, om kjærleikshistoria mellom trellen Omar (godt spelt av Kurt Mega Herdlevær) og Gyril (Vilde Stokke). Sigurd Sele gjer ei god tolking av rolla som namnebroren, den kristne Sigurd, og Erik Larsen og Øystein Kausrud speler også godt i rollene som høvesvis Tord og Torkjell Høge.

Kort sagt alle på og bak scenen imponerte stort. Alle som har billettar kan gle seg. Barna som var på skuleframsyninga sat stille som mus til det heile var over. Då braut jubelen laus.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.