annonse

Konsert for livet på sundag

: Lars Esperø, Joakim Habbestad Løkke og Andreas Havn i arrangørkomitéen håper på storinnrykk her i Bømlohallen på sundag. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
Dei er klare til å trykkje på startknappen for årets Løp for livet-konsert. Lydanlegget blir langt større i hallen på sundag. Frå venstre
Dei er klare til å trykkje på startknappen for årets Løp for livet-konsert. Lydanlegget blir langt større i hallen på sundag. Frå venstre: Lars Esperø, Joakim Habbestad Løkke og Andras Havn. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

Løp for livet inviterer sundag kveld til konsert til inntekt for kreftsaka i Bømlohallen. Popkometen Morgan Sulele toppar plakaten.

Håvard Hammarstrøm

Sulele lanserte nyleg sin nye singel «Høyt over Oslo». Songane hans blir flittig spelte, og i førre veke framførte han nettopp «Høyt over Oslo» på God Morgen Norge på TV 2. Artisten er svært populær blant ungdomen, og sundag kveld står han altså på scenen i Bømlohallen.

Variert show

Med seg får Sulele ei rekkje lokale talent. Ten Sing Bømlo blir med, og dermed står eitt av dei desidert største Ten Sing-kora i landet på scenen. Åsmund Nesse skulle vera kjent for dei fleste sunnhordlendingar. Bømlingen har fått mykje speletid på radio, ikkje minst med «Gje meg ei lysning» som vart kåra til beste Sunnhordlandslåt i 2015. I fjor kunne radiolyttarane høyre låten «Førjulsvise».

Med på tilskipinga blir også dansegruppa Unicorn Crew. Showet blir leia av konferansier Jògvan Brimheim Gunnarsson.

Russen blir med

Lars Esperø i arrangørkomitéen seier det i tillegg kan bli ei overrasking frå russen sjølv. Her held russen korta tett til brystet. Det går ikkje an å lokke ut av han, Joakim Habbestad Løkke og Andreas Havn kva overraskinga blir.

- Me er veldig glade for at me har fått på plass eit så godt program. Sulele er ein flink artist, og me har samstundes dyktige lokale krefter med oss. Det er veldig kjekt at Ten Sing Bømlo, Unicorn Crew og Åsmund Nesse stiller opp for Løp for livet, seier Esperø.

Habbestad Løkke seier om Sulele at han har over 60 millionar avspelingar på Spotify.

- Her har me vore veldig heldige, seier han.

- Me har ein fin bukett artistar. Dette er ein konsert alle kan ha glede av, samtykkjer Havn.

- Me har også fått ein god konferansier i Jògvan. Han er flink, positiv og energisk, legg Esperø til.

Ta turen

Løp for livet har lagt ned mange arbeidstimar i førebuingar til denne konserten. No håper arrangøren at mange bømlingar vil avslutte vinterferieveka i Bømlohallen. Her er plass til inntil 1.000 publikumarar. At det blir så mange i hallen er gjerne lite truleg, men dei tre Bømlo-nytt møtte i går håper så mange som mogeleg tek turen på sundag. Alle inntektene går til kreftsaka.

- Det er viktig for oss å få fram kva pengane går til, og me kjem til å seie litt om føremålet med konserten også på sundag, seier Havn. Dei tre vil takke sponsorane som stiller opp sjølv om delar av næringslivet slit i motbakke.

- Me må også få takke Bremnes idrettslag for at me får låne hallen. Idrettslaget er ein viktig samarbeidspartnar for oss både i samband med denne konserten og i vekene som kjem, seier Habbestad Løkke. Esperø nikkar.

- Det vil at me skal lukkast. Det er veldig kjekt.

Kick off

På spørsmål om korleis året Løp for livet-aksjon ligg an til no, svarer Esperø at dei ligg godt an. Det er likevel no innsamlingsaksjonen byrjar for alvor. Løp for livet-konserten markerer innleiinga på vel to månader med stor aktivitet blant russen.

- Me håper konserten skal bli ein skikkeleg god kick off.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.