annonse

Kormix med konsert på HiSio

Bømlo Kormix
Bømlo Kormix: Bømlo Kormix skal halde konsert på HiSio. (Foto: Pressefoto)

Snart er Bømlo Kormix klare for konsert på HiSio.

Nils-Tore Sele

Bømlo Kormix øver no inn repertoaret dei skal syngja for publikum som kjem til HiSio laurdag om ei og ei halv veke. Der har koret konsert, og samarbeider elles musikalsk med bandet Totalt 50 og pianist Tone Synneve Myklebust, slik at det vert ein musikalsk heilaftan av det.

Kortemaet for kvelden er musikk frå 1960- og 1970-talet. Ein musikalsk meny av balladar, rock og peace and love vert servert, med musikk frå mellom andre The Beatles, Bob Dylan og Procul Harum.

Dirigent for det rundt 30 medlemer store Bømlo Kormix er Maria Malmsten, og pianist Tone Synneve Myklebust, akkompagnerer. Ho er til dagleg pianolærar i Bømlo kulturskule.

Når koret er ferdig for kvelden, tek bandet Totalt 50 over på scena. Owe Håstø, gitar, Jan Terje Larsen, bass, Kenneth Larsen, trommer og Geir Sørenes, gitar og vokal leverer dansevenleg musikk, lovar Bømlo Kormix i ei pressemelding om hendinga.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.