annonse

Kunstmålar og songar i Moster

Multikunstnar
Multikunstnar: Ellen Lien Rygg målar, syng, skriv dikt og lagar musikk. Dessutan er ho utdanna pedagog, og ikkje så lite filosofisk anlagt. Ein spanande oktobergjest i Moster Amfi.

Bileta til Ellen Lien Rygg handlar om livskraft som boblar. Laurdag opnar ho utstillinga «Livskraft», og skal syngja eigne songar.

Ingvild Sjo

– Tenk å våga og vera ei av dei perlene som tør å la seg skina på, seier Rygg for å illustrera korleis menneske sin identitet kan bli forma dersom livskrafta får næring.

– Liv og død kan me ikkje styra, men livskrafta me har med oss frå me vart skapte, den kan me gje næring til, den kan me styra, seier kunstnaren som brukar lys for å skildra dette visuelt. Ho står godt som døme på dette sjølv òg. Det er berre eitt år sidan Ellen Lien Rygg slutta som lærar for å satsa på kunst, og ta seg av ni barnebarn.

Ellen har alltid likt å teikna og måla, men hadde ei storesøster som var sju år eldre og mykje flinkare.

– Eg tenkte ikkje på at ho hadde sju års lengre trening enn eg, smiler Ellen. I mellomtida utvikla ho andre talent. Ho voks opp i ein musikkfamilie og er ein dyktig songar.

– Det manglar berre at du skriv dikt, då?

– Eg gjer det og, men poesien har eg ikkje teke fram i lyset enno, seier ho om det. Rygg stiller ut 30 bilete som er laga i akryl, med lag av lasur på for å skapa djupn. Motiva varierer frå abstrakt til figurativt, og fargespennet er stort.

– Kva var det som gjorde at du byrja å mala?

– Eg var på besøk hos ei venninne som hadde fått seg ny sofa. Ho hadde eit veldig fint bilete over sofaen, fortel Ellen. Det viste seg at ho hadde køyrd til Europris og kjøpt lerret og måling og laga det sjølv. Kan ho det, kan eg det òg, konkluderte Ellen som òg hadde ny sofa.

I fleire år gøymde ho seg på loftet med målinga si.

– Men ein dag viste eg det til søster mi. Ho sa: Dette må du ikkje halda for deg sjølv, fortel Ellen. I 2008 debuterte ho med separatutstilling. No driv ho eige atelier på Randaberg som heiter Atelier Fargerike der publikum er velkomne. Dagleg leiar i Moster Amfi, Nina Olsen, står klar med lune eplekaker og krem til gjestene laurdag. Det er utstillingsopning i Bømlo kulturhus same dag, og Olsen føreslår ein kunststafett, for det går an å få med seg begge.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.