annonse

Lovar oss ei ny og annleis «Evita»

STERKE BAND
STERKE BAND: Evita (Lisa Stokke) og venen og støttespelaren Che (André Søfteland) i sterkt samspel i andre akt av musikalen. ALLE (Foto: NILS-TORE SELE)
HOVUDROLLENE
HOVUDROLLENE: I denne scena ei sjuk og sliten Evita, spelt av Lisa Stokke. Espen Hana gjev liv til ein alvorleg og uroa Juan Perón. (Foto: )
MUSIKAL PÅ HEIMEBANE
MUSIKAL PÅ HEIMEBANE: Vilde Stokke (framst) er tilbake i Moster Amfi. Sist gong var ho med i nye Mostraspelet, no er det «Evita».
STORTRIVEST
STORTRIVEST: Jane Jünger har det knallkjekt med å vera med i «Evita»-versjonen på Bømlo. (Foto: )
KVINNE MED MANGE LAG
KVINNE MED MANGE LAG: Regissør Jostein Kirkeby-Garstad vil levera ein annleis «Evita»-versjon. – Me vil landa på ei ærleg og vakker Evita, seier han. (Foto: )
SPARKEGUTANE
SPARKEGUTANE: Evita (Lisa Stokke) saman med Miguel-Angel Fernandez, Gard Hjertaas Bjørnson, Jan Nicolai Wesnes, Simen Gloppen og Sivert Hauge. (Foto: )
TOME NO
TOME NO: Når denne artikkelen står på trykk, er det berre ti dagar att til premiera på «Evita» og amfibenkane vert fylt opp av publikum. (Foto: NILS-TORE SELE)
GLITRANDE REKVISITTAR
GLITRANDE REKVISITTAR: Tre digre lysekruner er innkjøpte til musikalen. – Me treng litt bling-bling på scena, seier dagleg leiar i teateret og musikalprodusent Øystein Kausrud. (Foto: )
HYLLAR
HYLLAR: Argentinarane hyllar sin president. Espen Hana i rolla som Juan Peron. (Foto: )

Premiera på «Evita» i Moster Amfi nærmar seg. Bømlo Teater vil gje oss ein versjon som skil seg ut frå dei andre.

Nils-Tore Sele

– «Evita» er ein musikal som nesten er like gammal som meg. Heilt ærleg så synest eg at opphavsmennene i si tid måla eit eindimensjonalt bilete av ei formidabel kvinne og hennar næraste, seier regissør for «Evita» i Moster Amfi, Jostein Kirkeby-Garstad om Evita Perón.

Går djupt inn i soga

Tidlegare denne veka var Bømlo-nytt til stades på øving i Moster Amfi, og me fekk med oss nesten heile andre akt. Regissøren fortel at han har arbeidd mykje med å knekkja kodar i musikalen.

– Med dei kreftene me har med på laget her, kjenner eg, både audmjuk og klar, at me skal landa på ei ærleg og vakker Evita, seier regissøren.

– For meg er det viktig å kunna forstå henne meir, og ikkje minst å forstå dei som ho påverka, fortel Kirkeby-Garstad.

Musikalen «Evita» er ein av mange musikalar med musikk og tekst frå radarparet Andrew Lloyd Webber og Tim Rice. Musikalen har rot i røynda, hadde urpremiere i London i 1978 og er basert på biografien «The Woman with the Whip», skrive av Mary Mains, som omhandlar livet til Eva Perón, den andre kona til Juan Perón. Han var president i Argentina i tre periodar, på 1940-, 1950- og 1970-talet. Eva, «Evita», Perón fekk eit kort og hendingsrikt liv. Ho vart fødd i 1919 og døydde i 1952, berre 33 år gammal av kreft. Først vart ho kjend som songar og skodespelar, seinare som presidentkone, eit moteikon og folkeheltinne i Argentina.

Tilbake igjen

André Søfteland har ei av hovudrollene i «Evita». Han spelar rolla som Che.

– Det å jobba på Moster er som å komma heim! seier musikalartisten oppglødd.

– Første gongen eg var med her, var i 2004 med «Les Misérables». Det var vel etter den sommaren at eg verkeleg bestemte meg for å satsa på eit liv på scena, fortel oddingen, som i åra etter har fått seg ei fin karriere.

Søfteland er full av lovord om musikalen på Moster som han no er med på.

– I dag er me ein veldig god gjeng på og bak scena som kosar oss masse! Alle har me same giv og ønskje om å skapa noko me kan vera stolte av. Eg trur nok at Moster leverer igjen, seier Søfteland.

– Brenn som kalkomnar

– Det er heilt utruleg å oppleva kva me alle kan få til når me samlast om eitt mål - på ein så vakker stad med så fine menneske som brenn som kalkomnar for kultur! er meininga regissør Kirkeby-Garstad har om satsinga til Bømlo Teater og musikalen «Evita».

– Det er veldig sjeldan at slikt skjer i Noreg. Me har ein semi-proff stab med eit heilproft opplegg og ei nesten utruleg gjennomføringskraft, og det oppstår gjennom dei frivillige. Eg ser på det som ei ære å få vera med igjen. Sist gong var i 2006 med «Chess», seier han.

Bergteken av «Evita»

– Eg gløymer aldri då eg var i London, 12 år gammal og såg «Evita». Den opplevinga var sterk og sette djupe spor i meg. Det var det største eg hadde opplevd den gongen. Dei neste par åra høyrde eg mykje på musikken frå musikalen, som er så spennande og sjangerrik. No skal eg få vera med sjølv i «Evita», her i Moster Amfi. På det viset er dette ein draum som går i oppfylling, fortel Jane Jünger frå Stord, som har med seg dottera på musikalen.

– Eg har det skikkeleg kjekt på øvingane saman med dei andre. Samkjensla er sterk, alle hjelper og støttar kvarandre. For ein glad amatør som meg er det utruleg kjekt, fortel Jünger, som i si tid var elev ved musikklina ved Stord vidaregåande skule.

– Når du er med her, du kjenner ikkje på at du skulle gått denne yrkesvegen?

– Nei, nei, det gjer eg ikkje. Eg har halde det ved like ved å syngja i kor. Slikt som dette er ein kjær hobby. Når det er sagt, så trivest eg med utfordringa dette gjev meg. Eg likar slikt, det å tørra å hiva seg ut på djupt vatn. Det har eg gjort her. Det er slikt som ein veks på, meiner eg.

Imponert over dugnaden

– Eg kan styra tida mi sjølv, og det gjer at eg også kan vera med i ensemblet. Det går fem-seks veker av sommaren i det, men eg synest det er kjekt å vera med, seier Sammy Olsen til Bømlo-nytt. Den kjende kystfiskaren og lokalpolitikaren har i årevis sunge i Bremnes kantori, og då han fekk spørsmål om å bli med på musikalen i år, takka han ja.

– Dugnadsinnsatsen appellerer til meg. Den er stor her, imponerande på mange måtar, ikkje minst når det gjeld dei som har brukt så mange timar i sommar på å byggja scenen, fortel Olsen, som tidlegare også har vore med på Mostraspelet. No er han tilbake att. I ein musikal.

– Spennande?

– Ja, spennande, nikkar Olsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.