annonse

Mannskor med felleskonsert

: Leirvik Mannskor (Foto: )
: Mannskoret Havdur (Foto: )

Leirvik Mannskor og Mannskoret Havdur, til saman 180 år, held konsert i lag i Stord kyrkje ssøndag.

Leirvik Mannskor, med dirigent Preston James Kingsley i spissen, har den siste tida jobba intenst med førebuingar til denne konserten, og i all hovudsak vil dei presentera eit utval av det rikhaldige repertoaret til Bjørn Eidsvåg, skriv dei i ei pressemelding før konserten. I tillegg får ein også høyra eit knippe andre kjende songar.

Med på laget er deira faste pianist, André Eide. Han vil også leia bandet med Daniel Måge på gitar, Remi Sjo på slagverk og Årstein Tislevoll på bass. Trekløveret spelar til vanleg saman i bandet «D’AccorD», der Måge er vokalist og frontfigur.

Mannskoret Havdur, med Audun Sandvik som dirigent, vil framføre eit utval andelege, verdslege og nasjonale songar a capella.

Begge kora består av ca 30 medlemmer og har godt fotfeste i det lokale musikkmiljøet. I tillegg har også begge kora fleire gonger delteke på konsertar og arrangement andre stader, i både inn- og utland.

Som avslutning på konserten vil kora framføra «Himmelske Fader» som fellesnummer, med Preston Kingsley som dirigent. Det ligg an til ei flott oppleving for dei som tek turen til Stord kyrkje denne kvelden, og utan tvil vil ein gå derifrå med rikeleg påfyll av gode kjensler. Dei håpar å sjå nettopp deg på konserten 7.oktober, skriv dei til slutt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.