annonse

Miriam fekk draumestipendet

Glad for stipendet
Glad for stipendet: Ei glad Miriam Hammersland takka varmt for Draumestipendet og diplom som vart delt ut av ordførar Odd Harald Hovland (til venstre) og kommunalsjef og representant for Norsk kulturskuleråd, Bjørn Håvard Bjørklund (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Klar for L.A
Klar for L.A: Miriam Hammersland har mål om dance conventions utanlands, gjerne i Los Angeles. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Miriam Hammersland vart torsdag tildelt Draumestipendet på 15.000 kroner.

Håvard Hammarstrøm

Norsk kulturskuleråd deler i samarbeid med Norsk Tipping ut 100 stipend på 15.000 kroner kvar til unge og lovande kulturutøvarar. Mellom dei som fekk stipend i år var Miriam Hammersland frå Moster. Ho har bakgrunn frå Bømlo kulturskule og The Unicorn Crew, og går no på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. Den talentfulle unge dansaren drøymer om eit liv som dansar og koreograf.

Bømlo Dance Day

Torsdag var ho med på Bømlo Dance Day i Bømlo kulturhus saman med Espen Stoknes og unge dansarar frå Bømlo og Fitjar. Etter å ha dansa sitt solonummer fekk Hammersland rosande omtale av ordførar Odd Harald Hovland og kommunalsjef og representant for Norsk kulturskuleråd, Bjørn Håvard Bjørklund.

Ordføraren sa at det Hammersland presenterte på scenen var utruleg bra, til applaus frå salen. Han sa også at han var glad for at Hammersland fekk stipendet, og håpte det kunne bidra til at ho får draumen sin oppfylt.

– På vegner av Bømlo kommune: me er stolte av deg.

Bjørklund roste både kulturskulen og dansaren. Han gratulerte, og sa at han let seg imponere av søknaden hennar. Hammersland skreiv i søknaden at ho vil bruke stipendet til å reise nasjonalt og internasjonalt og ta danseklassar innanfor mange ulike stilar:

– Eg har alltid hatt lyst til å reisa til utlandet for å ta store klassar med fleire hundre deltakarar og kjende instruktørar.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.