annonse

Mostring med på ny single

PLATEAKTUELLE
PLATEAKTUELLE: Madelen´s Request. PRESSEFOTO (Foto: )

Platedebuterer med Madelen´s Request.

Nils-Tore Sele

Daniel Skjøtskift Johannessen frå Mosterhamn, er trommis i bandet Madelen´s Reguest. Dette bandet er no aktuelt med den ferske singelen «While I´m Young».

Daniel Skjøtskift Johannessen er medlem i eit oslobasert folkrockband, inspirert av folktradisjonane på 60-talet.

I ei pressemelding om utgjevinga, heiter det at bandet har hovudsakleg unge jazzmusikarar med utløp for ein indre kjærleik for folkrock som medlemer. Gruppa har fleire dyktige vokalistar som vekslar på å stå framst på scenen.

Skjøtskift Johannessen & Co vart nyleg plukka opp av plateselskapet Heartbeats. Første utgjevinga er altså singelen «While I’m Young». Bandet skal rundt på fleire scenar i september. Mellom anna Club Skyline i Grimstad, på Larsen i Hamar og Uhørt i Oslo.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.