annonse

Ny låt frå trubaduren frå Kanalen

SAMARBEID
SAMARBEID: Kurt Inge Larsen har med seg Unni Hilt som vokalist på den nyss utgjevne låten «Minnerom». (Foto: PRIVAT)

Kurti held koken på låtfronten.

Nils-Tore Sele

Kurt Inge Larsen, Kurti, er klar med singelen «Minnerom». Denne er tredje låt ut for 53-åringen, som for ei tid tilbake var i studio og spelte inn fire låtar som alle vert gjeve ut på singel i løpet av 2018. «Minnerom» er ein heilt anna låt enn dei to første, som er «Eg skal berre ha litt kaffi» og «Sommar og svaberg».

– «Minnerom» er ein song om å ta vare på dei gode minnene som ein kan ta fram ved høve seinare, fortel låtskrivaren.

– Denne songen skreiv eg i 1987, då eg var 22 år, men han vart først no spelt inn i studio, seier Larsen.

Vokalen blir på denne songen delt med Unni Hilt, kjent kulturperson som bur i Haugesund, men som vaks opp på Moster.

I høve utgjevinga er det også laga video. «Minnerom» er å sjå på nettstader som youtube med vidare.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.