annonse

Og no: Ein salmefest for Skaparen

«SÅ GRØNN EN DRAKT, så rik en duft»
«SÅ GRØNN EN DRAKT, så rik en duft»: syng Bremnes kantori under salmefesten, og er i seg sjølv eit godtmiljøtiltak denne våren. (Foto: )
Siste konsertprosjekt
Siste konsertprosjekt: Dirigent Jostein Molde har alltid hatt trygg hand om oss, og bygd koret stein på stein. Heilt eineståande, seier styret i Bremnes kantori. (Foto: )

Bremnes Kantori stemmer ekstra godt i når dei syng salmar som hyller Skaparen denne våren. Søndag (ikkje onsdag som me skriev i avisa) er det konsert i Bremnes kyrkje, med helse i kvar tone for den som syng og den som høyrer.

Ingvild Sjo

Med dette prosjektet er Jostein Molde kommen til vegs ende i ei nær 30 år lang musikalsk reise som dirigent for Bremnes kantori. I sommar går han av med pensjon, men altså før det: Ein salmefest verdig Skaparen, der Molde òg debuterer som både tekstforfattar og komponist med salmen «Du Far, som var før tid og rom».

Miljøarbeid

I denne reinhekla miljøavisa vår skal det berre vera miljøsaker. Kan det då høva med korsong?

– Ja, det er det jo forsking som syner at å syngja i kor er helsefremjande, seier Molde og får støtte frå korsongarane. Han har alltid hatt som mål å få songarane til å utvikla seg musikalsk og våga nye ting, alt frå tidleg musikk til det profane, til nyare folketonar, små oppsetjingar og store. Å få utvikla seg sjølv musikalsk, og framføra musikk saman med andre, det er ei avkopling som kjennest som rein terapi. Det kan Helen Leversund stadfesta.

– Særleg i den tida då borna var små, seier ho om kjærkomne øvingstider i kyrkja. Øvingsdagen er som heilag å rekna. Det skal mykje til før ein skoftar. I tillegg har Bremnes kantori god balanse mellom stemmene. Dei fleste kora manglar mannsrøyster, men ikkje dette koret. Her er fleire par med og syng saman.

– Å ha felles fritidsaktivitet med ektefellen, det veit me vel er god parterapi, seier Leversund. Her er det snakk om godt miljø i heimen, og Jan Arvid Sønstabø og Solfrid Sønstabø Stavland nikkar.

Dei er med i styret og synest dette prosjektet rundar av Jostein Molde sitt konsertarbeid med koret på ein fin måte. Musikkinnslaga er henta frå barokken og fram til i dag, og ein profesjonell fiolinist er gjesteartist. Oda Katrin Trøen Habbestad har utdanning frå Barcelona og Trondheim, og etablerte i 2011 BareBarokkbandet. Ho har delteke på mange festivalar i Europa, og er vel verdt å få med seg når ho søndag spelar fleire stykke av Bach i heimekyrkja på Bømlo.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.