annonse

Opna kulturskuledagane i amfiet

: Anna Nesse (9) ved sida sitt bidrag til utstillinga.
: Hans Gunnar Skreslett og Dunja Belic under opninga av utstillinga.
: Alle utstillarane og lærarane deira får kvar si rose.

Laurdag stilte kulturskulen mannsterk i Amfisalen på Moster.

  • Mariann G. Sagvåg

Med solid støtte frå familiar og andre frammøtte, kunne elevane stolt visa fram produksjonane sine. Her var sjølvsagt mykje sprudlevatn ved velkomsten, og kringom på veggane hang skaparverk i flotte fargar. I korridoren mot Amfisalen står fire staute figurar med ulike uttrykk.

Opninga

Sjølvaste tidlegare rektor ved kulturskulen, Hans Gunnar Skreslett, gratulerte og muntra kunstnarar in spe med eigne røynsler. Frå Svalbard fortalde han om ein Performace kunstnar. Det er slik kunst som skjer medan me ser på. Ein person sat med svart smoking, kvit strømpe over hovudet og kvite hanskar; Han sat og parterte is.
- Det synet fekk mange til å stoppa opp litt, sa han.
Han snakka også om at kunsten må forstaåst ut frå si samtid.
- Om de tek fram det som heng her i dag om 10 - 15 år, blir de kanskje litt forundra, smilte han. Sjølv om det er veldig lett å måla når ein ikkje kan det og veldig vanskelig når ein har lært kunsten, så minna han om at all kunst er leik. Når folk sluttar å leika, kan kunsten døy.

I eit med celloen

Den habile og stadig spelande Dunja Belic er ei rein nyting både å høyra og sjå. Der sit unge Belic med celloen sin som dei er eitt og same instrument.
Turid Anglevik og Hanne Vihovde fordelte ein rosebukett slik at alle dei unge utstillarane fekk kvar si.
Etter opningsseremonien gjekk folk etter vaffellukta, og hamna i kafeteriaen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.