annonse

Presenterer nye songar

KLARE MED SONGAR
KLARE MED SONGAR: Kurt Inge Larsen, kjend revymann på Bømlo, har vore i studio og spelt inn fire eigenkomponerte songar. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

+ Kurt Inge Larsen har vore i studio. Fire nye songar er klare, og fredag vert musikkvideoane vist for publikum.

  • | Nils-Tore Sele

Fredag vert det ein Plate Presentasjon Pubkveld, PPP, som Kurt Inge Larsen vel å kalla hendinga for.

Revymannen spelar på mange strengar, ikkje minst musikalske, og har den siste tida vore i studio og spelt inn fire songar.

Tre av songane har fått sin musikkvideo. På fredag vert musikken og dei medfølgjande levande bileta vist for publikum på ein pubkveld ved gjestehamna i Melkevik.

– På fredag skal eg rett og slett presentera musikkprosjektet mitt. Det blir ingen konsert, men visning av dei fire songane eg har spelt inn med tilhøyrande video. I tillegg skal eg fortelja om kvifor eg gjer dette, seier Kurt Inge Larsen til Bømlo-nytt, spent på mottakinga.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.