annonse

Skriv historia om Bømlo Teater

: FANN (Foto: I denne albumen finn Kristine Sele og Finn Bakke foto frå den første tida i teaterlaget på Bømlo. Permane bak dei er fulle av avisutklypp med stoff om teateret på Bømlo.)
MYKJE
MYKJE: Denne veggen viser at Kristine Sele og Finn Bakke har ei rikhaldig teatersoge å ausa frå når bok om Bømlo Teater skal skrivast. ALLE (Foto: NILS-TORE SELE)
«GULLFUNN»
«GULLFUNN»: Finn Bakke og Kristine Sele i teaterkafÈen i Urangsvåg. I ein gammal fotoalbum finn dei det aller første teaterprogrammet som var laga, om framsyninga «Brødrene Østermanns huskors». (Foto: )
MYKJE
MYKJE: Plakat frå Mostraspelet og to døme på mange av framsyningane sett opp av Bømlo Teater gjennom 45 år. (Foto: )

Livet handlar mykje om tilfeldigheitar. Hadde ikkje Ragnhild og Håkon Randal komme til Bømlo i 1965, er det ikkje sikkert at Bømlo Teater hadde blitt det som det er i dag.

Nils-Tore Sele

– Det er det som er starten på det me kjenner i dag som Bømlo Teater. Då Håkon Randal vart rektor ved nye Bremnes ungdomsskule i 1965 og kona Ragnhild Randal starta opp med valfagstimar i teater. Det var opptakten til det som kom seinare. Ærast dei som ærast bør. Utan dei, og spesielt Ragnhild, ville me ikkje hatt teateret slik me kjenner det i dag, Moster Amfi, Mostraspelet, 1000-årsjubileet for kristninga av Noreg i 1995 eller Bømlo Musikal Laug, meiner forfattar Kristine Sele.

Ei rik historie

Den 45 år lange soga til teateret skal samlast mellom to permar, og utkomst er planlagt før jul.

Ho er imponert over alt som har gått føre seg i 45 år.

– Det gjer det også utfordrande å skriva. Det er så mykje som har skjedd. To turnéar til USA, turar til Island, Færøyane og Orknøyane. Det er tv-program, festspela i Bergen, uttallege teaterframsyningar, Mostraspelet og alle musikalane. Lista er lang. Å gjera utvalet er utfordrande, men det er me snart i mål med. Boka tek med seg det som skjer med «Evita» i sommar. Det er punktum.

Ei «bakom-bok»

– Styret har eit ynskje om å få fram den over 40 år lange teaterhistoria med fokus på bakgrunn og idear om at vesle Bømlo skulle visa igjen på teaterkartet i regionen, men óg nasjonalt, seier styreleiar i Bømlo Teater, Linda Hellen om bokprosjektet.

– Boka blir eit møte litt «behind the scenes» frå ei mangslungen teaterhistorie, ispedd mykje galskap, iver mot og overmot til tider, fortel Hellen til Bømlo-nytt

Drog lasset

– Me gjev også mykje merksemd til dei som drog lasset på ulikt vis i mange år. Johannes Hjelland, Kjell Olav Skaret og Johan Kristian Nesse, opplyser Kristine Sele.

– Dei reiste rundt og tok på seg mange underhaldningsoppdrag for å få pengar i kassa til Bømloteateret. I tider var det tungt økonomisk, seier Finn Bakke, som også er engasjert i bokprosjektet om teaterlaget på Bømlo. Brynjar Stautland er redaktør for bokprosjektet. Bakke er biletredaktør og får ansvaret for utforminga av boka saman med kona Berit Bø Bakke. Dei to driv forlaget bomlobok.no saman.

– Eg vart kontakta tidleg på nyåret i 2017 og fekk spørmål om å skriva boka, seier Sele. – Då hadde styret i teateret bestemt seg for bokprosjektet. Eigentleg var planen at boka skulle komma ut i fjor, men det sa eg ikkje ville lata seg gjera på så kort tid, dermed blir det utkomst i år.

Tre historiebolkar

Den aller første framsyninga var hausten 1973. «Brødrene Østermanns huskors» vart då sett opp av Bømlo amatørteaterlag («Amatørteater for glade lokalkunstnarar). Det gjekk ikkje lenge før namnet vart korta til Bømloteateret.

Bakke stod faktisk på scena sjølv under denne framsyninga. Han fekk også ei viktig rolle då musikallauget starta 25 år seinare. Godt vaksne Bakke tok intitiativrike og engasjerte ungdomar under vengene, og hjelpte dei få orden på den nye organisasjonen som skulle få så store suksessar med musikalar i Moster Amfi i åra som kom. Den aller første var «Jesus Christ Superstar» i 1999, så kom nye suksessar med «Les Míserables», «Chess» og «Miss Saigon».

Også Kristine Sele har sterke band til teateret. Ho stod aldri sjølv på scena, men har både mann og barn og seinare barnebarn som har gjort det.

– Me tek for oss tre historiebolkar i boka, seier Kristine Sele.

Den første er perioden med Bømloteateret frå 1973 til 2011. Så kjem framveksten av Bømlo Musikal Laug, som eksisterte mellom 1998 til 2011. Den tredje bolken er frå 2011 til 2018. I 2011 fusjonerte musikallauget og teaterlaget og vart Bømlo Teater.

Interessant for mange

Tilfeldigvis fell bokutgjevinga saman med 45-årsjubileet for teaterlaget og at det er 20 år sidan i år at musikallauget vart starta.

– Dette er ei bok som ikkje vert skrive for «menigheten». Me ønskjer å skriva for alle, seier Sele.

– Eg føler at Bømlo Teater har eit stort publikum og at det er mange som er interesserte i den historia som no vert skriven. Me har ikkje sjølv annonsert at denne boka var på trappene, men mange veit om det, og har me fått spørsmål om kva me driv med, så har ingen av oss lagt skjul på at me er i gang med dette bokprosjektet, fortel Bakke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.