annonse

Solveig Leithaug syng med Bømlo Gospel

: Solveig Leithaug. Pressefoto

I kveld, fredag, kjem Solveig Leithaug til Bremnes kyrkje for fyrste gong.

Solveig har hatt konsertar fleire stadar på Bømlo før og vil vera kjent for mange. På denne konserten har ho med Bømlo Gospel med Håkon Tolås på piano som gjester. Dei vil syngja eigne songar og nokre saman med Solveig.

Solveig Leithaug har budd over 20 år i USA. No tek ho turen frå heimbyen sin Nashville, Tennessee og reiser til Noreg på turnè.

Mange nordmenn synest Solveig Leithaug alltid har vore her. Kanskje fordi ho allereie som 18 åring debuterte med plata Askepott. Fleire tiår før jenter med eminent gitarspel og eigenkomponerte låtar dominerte popverda, var ho der, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Sidan 1985 har det vorte elleve norske og seks engelske album, og musikalske oppdrag i over 20 land. Ho har nettopp spelt inn eit nytt soloalbum i studio i Nashville, Tennessee. Der har ho hatt med seg eit stjernelag av Nashville sine beste musikarar og produsentar, med Steve Hindalong (SixpenceNone The Richer) i spissen, og fleire av songene har ho skrive i fellesskap med Grammy-nominerte komponistar. CDen «Time» er no klar i fysisk form og vert eksklusivt tilgjengeleg for sal på Noregs-turnèen. Den digitale versjonen av albumet kjem på Spotify iløpet av året. På konserten vil ho framføra songar frå den nye plata si, itillegg til eit knippe klassikarar frå tidlegare album.

Som arrangør fornyar og tolkar Solveig gode, gamle og velbrukte salmar og åndelege songar på ein forfriskande måte - og somme tider musikalsk overraskande - noko som gir nytt liv til songane! Ho kan med rette kallast ein sjangeroverskridande artist, og har late seg inspirere av element frå keltisk folkemusikk, country, bluegrass, roots, jazz og klassisk musikk.

I seinare år har samarbeidet med det musikalske ekteparet Gloria og Bill Gaither ført Solveig i ny retning. Konsertane har også teke ho til countryens`storstove, Grand Ole Opry - ein plass svært få nordmenn har fått stå på scenen!

Her er ei sitat frå Bill og Gloria Gaither: «Ho lurer deg kvar gong. Når ho byrjar å syngje er det så enkelt og ujålete at du tenkjer: «Javel - kva er så spesielt med dette? Men litt etter litt blir du berre fanga av hennar enorme utstråling.

Gilje, Laurhammer, Hiskjo og Meling Indremisjon er arrangørar.

Klikk for å sjå kommentarar ()