annonse

Stiller ut kunst av meir enn seks millionar sting

: Tekstilutstillinga til Janne Robberstad vekte nysgjerrigheit og begeistring hjå både eit ungt og eit vakse publikum på opningsdagen. Det var kjekt for borna å flytta og stabla på tekstilklossane. Dei har ein stykkpris på 6000 kroner.
: Tekstilkunstnar Janne Robberstad har gjort kitch i form av broderi og klokkestrenger frå norske tradisjonsheimar om til kunst ved å setja det inn i ein heilt annan samanheng.
: Her har Janne Robberstad brodert portrett av heile familien sin på nettingtøy med symaskin. Dette er eit tekstil-meisterverk som for Robberstad har så høg personleg verdi at ho ikkje vil selja det utan at prisen er høg, forståeleg nok.
: Ingrid Leithaug Mjanger song vakkert om vår og kjærleik medan Simon Madsen spelte på keyboard. - Som balsam for sjela, kommenterte kunstnaren Janne Robberstad etter innslaget på utstillingsopninga i speilsalen.
: Leiar i Bømlo kunstlag Trine Vangen delte ut blomar til Ingrid Leithaug Mjanger (t.v.), Simon Madsen og tekstilkunstnar Janne Robberstad.

Janne Robberstad si utstilling, som inneheld langt meir enn seks millionar broderisting, vart laurdag opna med flott musikalsk innslag og mange godord frå Trine Vangen, leiar i Bømlo kunstlag.

Grethe Kjøsnes

Det var eit imponerande tekstilarbeid som tekstilkunstnar Janne Robberstad kunne visa fram på si nye utstilling. Ein del kunstinteresserte hadde møtt opp for å få med seg opningsdagen.

Leiar i Bømlo kunstlag Trine Vangen starta med å ynskja velkommen, og så song Ingrid Leithaug Mjanger eit par nydelege, rolege songar i jazzprega stil saman med Simon Madsen på keyboard. Først framførte dei «Spring can really hang you up the most» og deretter «Dance with somebody» av Whitney Houston.

Små kunsthistoriske glimt

- Det var veldig flott at du Janne Robberstad takka ja til å stille ut her hjå oss igjen. Siste gongen var i 2008, og sidan den gong har det skjedd mykje i ditt kunstnariske liv, sa Vangen til kunstnaren.

- Eg har heile tida vore oppteken av å visa profesjonell kunst i Bømlo kunstlag. I 2012 vart Janne Robberstad medlem av Norske Billedkunstnere gjennom juryering. Då vart ho teken opp som medlem i organisasjonen. Robberstad har utdanninga si i tekstil, og dei siste åra har tekstil som kunstform komme i vinden som aldri før. Både nasjonalt og internasjonalt. Kunstnaren Robberstad har i denne utstillinga teke i bruk noko som er allminneleg i dei fleste heimar og gjort det om til noko nytt i ein ny samanheng. Dette med å setja ting inn i slike nye kontekstar er noko ein kunstnar evnar å gjera. Å ta noka frå den «vanlege verda» og gje dei ei anna og heilt ny uttrykksform. Berre sjå på desse tekstilterningane som Robberstad har laga og stiller ut. Kvart broderte motiv som desse terningane er sett saman av, viser kopiar av kunstverk gjennom kunsthistoria, fortalde Trine Vangen,

Avansert og personleg

Janne Robberstad fortel om bakgrunnen for denne spesielle tekstilutstillinga.

- Eg fekk ideen til utstillinga då eg var ute og køyrde bil. Det er interessant å nytta slike kitch-gjenstandar som gamle broderi til å skapa eit nytt uttrykk. Dette er slike broderi som folk før i tida broderte for å skapa ein hyggjeleg heim. Det å kunne hengja eit flott broderi på veggen. Eg har rekna meg fram til mengd broderisting i terningane til saman. Det er vel rundt seks millionar sting. Eg har òg sydd eit bilete av niesa mi, Elisabeth, i full storleik på ei blondegardin. På eit anna bilete har eg sydd mange portrett av heile familien min, seier Robberstad. Portretta er sydd på maskin og på nettingtøy, noko som fleire let seg imponera over. Det er ikkje enkelt å sy noko slikt! Det er vel nettopp difor Janne Robberstad er tekstilkunstnar.

- Eg brukte vel eit år på å laga i stand denne utstillinga og 1 1/2 år på sjølve planlegginga, sa Robberstad, som for tida elles er travel på fleire frontar. Ho er til dømes oppteken med å gjennomføra og avslutta ein mastergrad.

Samarbeidsprosjekt

Bakgrunnen for denne utstillinga er mellom anna eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og tekstilkunstnar Janne Robberstad om utstillinga Seks millionar sting. Utstillinga synte både samtidsbroderi, laga av Robberstad, og tradisjonelt broderi, representert ved ulike gjenstandar frå museet sine samlingar. Robberstad sine nyskapande broderi frå denne utstillinga kan no opplevast i vinterferien. Utstillinga vil hengja fram til 7. mars.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.