annonse

Torapris i gode hender

EIN STRÅLANDE DAG
EIN STRÅLANDE DAG: Moster Amfi med ein Toraprisvinnar som i sitt slag er like strålande som arbeidet ho har gjort med opprulling av pedofile sine nettverk. – Eg er utruleg stolt og glad, sa operasjonsleiar Hilde Reikrås om heideren. (Foto: )
RØRANDE TAKK
RØRANDE TAKK: Hilde Reikrås rørt til tårer, med sjølvaste Tora Mostrastong i hendene. Styreleiar Haldri Karin Engenes er full av beundring og gav tydeleg uttrykk for det. (Foto: )
OMFATTANDE NETTVERK
OMFATTANDE NETTVERK: Det starta med ei sak, og her ser me ei oversikt over ein bit av det pedofile nettverket som Dark Room har rulla opp i løpet av dei 2,5 åra operasjonen har gått føre seg. (Foto: )

Kampen mot overgrep er ikkje slutt med Operasjon Dark Room. Hilde Reikrås er alt i sving for å stoppa ein annan styggedom på nettet: Grooming.

Ingvild Sjo

Politikvinna som laurdag fekk overrekt Tora Mostrastong-statuett og plakett, er ein verdig kandidat. Under utdelinga sa styreleiar Haldri Karin Engenes at Hilde Reikrås har vist med jobben sin at ho har hjarta for mange, og mot og vilje til å gå inn i vanskelege saker for å hjelpa andre i ein tøff arbeidsdag.

– Opprullinga av pedofile nettverk har opna augo våre og vist at me skal ikkje vera naive. Dette kan ramma kven som helst, men det nyttar å bry seg, sa Engenes. Hilde Reikrås takka varmt for prisen.

– Dette betyr veldig mykje for meg og teamet som jobbar med Dark Room, sa ho.

Ei sak blei 100 saker

Dark Room starta med ein 14-åring som melde ein 22-åring. Reikrås følgde magekjensla og avslørte at her var det noko meir. Slik vart ho leiar av operasjonen som no tel 20 personar innan ulike felt i politiet.

– Heile løyndomen med å oppnå resultat er å jobba tverrfagleg, seier ho og legg til at politiet må tenkja nytt og jobba annleis i tida framover i møte med nye former for overgrep. Ho sikta her spesielt til grooming, og brukte store delar av taletida si under Toratreffet til å forklara kva dette er.

– For å ansvarleggjera kvar og ein av dykk, sa ho til ein fullsett sal.

Grooming – på barnerommet

Seier du at du forstår ikkje kva ein app er? Eller at dette nye på internett er vanskeleg?

– Det må me slutta med. Me må setja oss inn i kva ungdommane driv med. Gjerne læra oss å bruka tenestene sjølv, sa Reikrås.

Ho samanlikna det å la barn vera i kontakt med ukjende på nettet med å senda dei åleine ut i mørke bakgater, fordi det er i praksis det same.

– Fordi me ser no at overgrepa skjer på barnerommet, sa ho og starta ein opplysningsfilm laga av Europol og Kripos.

Innslaget var basert på verkelege hendingar, og konseptet til overgriparen er enkelt så lenge barnet ikkje har lært å vera kritisk på nett.

Det eine offeret var ei jente som blei ven med det ho trudde var ein ung mann som var fotomodell. Han lokka med at ho skulle få oppdrag og fekk jenta til å senda seksualiserte bilete til seg. Då starta utpressinga for å få meir intime foto, med trugsmål om å vidaresenda til alle klassekameratane hennar. Det andre høvet var ein gut som blei lokka av ei jente til å spela inn ein film av seg sjølv naken. Denne guten blei pressa for fleire hundre euro. Bakmennene her er vaksne overgriparar med seksuelt motiv, eller kriminelle syndikat med økonomisk vinning som mål.

– Dersom karakterane stuper, eller barnet isolerer seg, kan det vera noko som dette som kan ha skjedd, sa Reikrås og meiner me må fortelja barn tidleg kva god seksualitet er for å læra dei grensesetjing.

– Først då veit dei kva eit overgrep er, sa ho.

Minglelunsj

Etter innlegget var folk samla i foajeen for å eta lunsj saman, og bli litt kjende med kvarandre før det bar inn att til debatt og samtale leia av journalist Halvor Folgerø.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.